Ibelin

Gameren Mats Steen døydde av ein muskelsjukdom berre 25 år gamal. Foreldra hans sørgde over det dei trudde hadde vore eit einsamt og isolert liv, då dei brått starta å få meldingar fra online-vener av Mats over heile verda. Filmen attskapar det rike livet til Mats´ avatar «Ibelin» i spillverda på banebrytande vis. Alt er basert på verkelege hendingar og dialogar, henta frå tusenvis av sider rollespel-logg i World of Warcraft. I tillegg får vi sjå unike arkivopptak frå oppveksten og intervju med fleire av venene Mats fekk gjennom spelet. «Ibelin» er ein innovativ hybriddokumentar med fiksjonselement – ein sjangerblanding vi sjeldan ser. Den hadde verdspremiere i Sundance 18.1, der den både vann pris for beste regi og publikumsprisen. Den vart samtidig vist på Tromsø filmfestival, der den også vann publikumsprisen. På Gøteborg filmfestival 3. februar vann den Dragon Awards, prisen for beste nordiske dokumentar.

«Hjerteskjærende god» (NRK) «Unik dokumentar i verdensklasse» (Adressa) «Ibelin” is powerful cinema – a moving masterwork (Variety) Benjamin Rees sin førre film «Kunstneren og tyven» vart selt til 80 land og har vunne over 30 prisar, nokre av dei på verdas største filmfestivalar, som Sundance, London og Hong Kong. Filmen vart i 2020 kåret til ein av årets beste av bl.a. BBC, Boston Globe, The Washington Post og New York Times. Filmen vart også short lista til Oscar. Rees første langfilm «Magnus», om sjakksensasjonen Magnus Carlsen, hadde verdspremiere på Tribeca-festivalen I New York og er selt til 60 land. Ree er utdanna journalist og har tidlegare laga dokumentarar og reportasjar for BBC, Reuters, NRK og VGTV. For VGTV har han bl.a regissert «Drømmen om kongeørnen» (premiere IDFA 2012), «Da Ailin kysset Lars» (2014) og «Homoterapi» i 2019 – som nyleg førte til forbud mot konverteringsterapi.

Vis meir

Fre. 08.03 Kl. 17.45

Kjøp billett

Lengde: 1 t 44 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 125,-

Barn 105,-

Aldersgrense AAlder: A

Detaljar

Skodespelarar: Mats Steen, Robert, Trude og Mia Steen, Lisette Roovers, Kai Simon Fredriksen

Regissør: Benjamin Ree

Produksjonsår: 2024

Premiere: 08.03.24

Land: Norge

Sjanger: Dokumentar, Animasjon

Språk: Original

Undertekst: Norsk

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord