Foredrag: Dennis Asbjørnsen – kjøkenhage

Velkomen til inspirasjonsforedrag om dyrking i kjøkenhage med forfattar og influensar Dennis Asbjørnsen! 

Denne kvelden fortel Dennis om sin eigen kjøkkenhage og metodar for enkel dyrking av eigen mat. Du får mellom anna høyre om hans eiga dyrkehistorie, kva han gjer i sin eigen hage, metodar og tips for å dyrke enkelt, billig og berekraftig og korleis ein kan utnytte vekseplassen effektivt. 

Dennis Asbjørnsen er den moderne byguten som har blitt ein spennande greenfluencer, forfattar, foredragshaldar og ein av landets største påverkarar innan hagebruk. Utgangspunktet for Dennis var rett og slett eit ynske om å lage ein liten kjøkkenhage basert på prinsippa om å dyrke enkelt, billeg og berekraftig. Erfaringane og gleda ved å dyrke deler han gjennom noregs største kjøkenhagekonto på Instagram. Trass sin unge alder har han i fleire år vore artikkelleverandør til Sunnhetsbladet og Hagetidend og han har gjeve ut to bestselgande bøker. ? 

Foredraget er gratis, men med billettbestilling. 

Foredraget er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Operahuset Nordfjord og Folkeakademiet Sogn og Fjordane.

Vis meir

Mån. 10.03 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 0 min

Billettpris:

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord