Flygelkonsert: Grieg og Chopin

Greg Niemczuk er tilbake, med dei to musikalske brørne Grieg og Chopin på konsertprogrammet.

Den polske stjernepianisten Greg Niemczuk har gjesta Operahuset Nordfjord fleire gonger tidlegare, til stor begeistring. Greg er også umåteleg glad i det unike Fazioli-flygelet vårt. 

Denne gongen står Grieg og Chopin på repertoaret. 

I det nye programmet vil Greg samanlikne dei to store komponistane og vise at dei musikalsk nesten var som brør. I første del får publikum høvet til å samanlikne Grieg og Chopin sine to «Sommarfugl»-nokturnar og ikkje minst dansar inspirerte av folkemusikk, blant dei Griegs populære norske folkeviser og dansar op. 17 og op. 35, samt de vakraste masurkaene av Chopin. I andre del får vi høyre dei to musikalske meisterverka «Sørgemarsj-sonaten» av Chopin og den fantastiske klaversonate op. 7 av Grieg.

Dette blir ein vakker kveld fylt med polsk og norsk musikk uttrykt i Grieg og Chopin sitt musikalske brorskap – formidla av ein flott klavervirtuos.

Etter å ha vunne den nasjonale Chopin-konkurransen i 2010 blir Greg Niemczuk vurdert som ein av dei fremste Chopin-tolkarane i Polen. Og etter mange år som turnerande konsertpianist i Norge har han òg fått eit nært forhold til Grieg sin musikk. Grieg vart i si tid kalla «Nordens Chopin».

Greg Niemczuk spelar over hele verda, særleg i Sør-Amerika, Japan og Kina. Han har også vore jamleg i Noreg dei siste 14 åra, med eit stort og aukande publikumsgrunnlag på sine to årlege store turnear. Greg er blitt ein sann noregsvenn og ser på Noreg som sitt andre fedreland.

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, ein institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

Vis meir

Tor. 25.04 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 0 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 260,-

Barn 160,-

Kulturskuleelevar 90,-

Ungdom/student 160,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord