Festkonsert med Opera Nordfjord

Frå filmmusikk til populærmusikk, musikal, operette og opera!

Ekstrakonsert i operahuset fredag 15. mars! Den erstattar konserten som skulle vere i Florø same dag.

No når Michael Pavelich skal takke for seg og pensjonere seg etter snart 26 år som kunstnarisk leiar og 24 år som musikalsk leiar i Opera Nordfjord, gjer han det like godt tre gongar, når Opera Nordfjord innbyr til festkonsertar i Førde 14. mars og på Nordfjordeid 15. og 16. mars.

Han avsluttar karrieren i Operahuset Nordfjord på sin eigen 70-årsdag!

Hovudsolisten er sopranen Eli Kristin Hanssveen, som har gjesta Opera Nordfjord med hovudroller både i Mannen frå la Mancha og i Jorden rundt på 80 dager. Ho er kjend som ein svært fleksibel songar, som meistrar alle stilar, frå pop og musikal til operette og opera.  Til dagleg er ho fast tilsett som solist ved Den Norske Opera & Ballett. Sist vi såg henne på TV_skjermen var som deltakar i årets norske Melodi Grand Prix. Vi får høyre Eli Kristin mellom anna i filmmusikk frå Once Upon a Time in The West, The Girl in 14 G, Vissi d’Arte frå operaen Tosca, Depuis le jour frå operaen Louisa Miller, og i duett med Alexander Pavelich i The Prayer.

Eit stort, samansett operakor på om lag 70 songarar får eit spennande korrepertoar å bryne seg på, frå Påskekoret i Cavalleria Rusticana til Shenandoah og det kjende Slavekoret frå operaen Nebukadnesar. The Battle Hymn of the Republic vert nok eit av høgdepunkta når både kor og orkester dreg til på finalenummeret. Også Michael sjølv skal til pers som solist på Ya got Trouble frå musikalen The Music Man.

Orkesteret på 50 profesjonelle musikarar skal òg få glitre åleine, mellom anna i utdrag frå Star-Wars Suite og kjend teiknefilmmusikk frå Tom & Jerry. Det vert elles utdrag frå musikalane  Les Misérables,  West Side Story og The Scarlet Pimpernel.  

Så breidde, show og fest er nok dekkjande stikkord for denne konsertturnéen, som garantert vil ha noko for ein kvar smak! I tillegg vert også borna Alexander, Simon og Martha med som gjestesolistar.

Velkommen til vakker, spennande og rørande musikk og mykje moro!

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

Vis meir

Fre. 15.03 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lau. 16.03 Kl. 17.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 30 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 450,-

Barn 150,-

Ungdom/student 250,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord