Fedrelandet (2D, Original tale)

Frå Margreth Olin, regissøren av m.a. Mannen fra Snåsa, Engelen og Barndom, kjem dokumentaren Fedrelandet, ei nær og spektakulær omfamning av vår første kjærleik: Naturen.

Med Olin sin 85 år gamle far som guide, opplever me den mest eventyrlege dalen i Noreg, Oldedalen i Nordfjord. Her har han vakse opp, og her har generasjonar før han levd i balanse med naturen. Majestetiske bilete av ville fjell, kalvande brear og yrande dyreliv går side om side med foreldra sine forteljingar om generasjonane som trakka opp stigane, tilhøvet me har til naturen og kva som er verdifullt i livet. Musikken er komponert av unike lydopptak – naturen sine eigne melodiar, omsett og framført av London Contemporary Orchestra.   Med Fedrelandet har Margreth Olin laga sin mest storslagne film, og samstundes hennar mest personlege, med Wim Wenders og Liv Ullmann på laget som utøvande produsent.

Vis meir

Tor. 19.10 Kl. 18.30

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 125,-

Barn 105,-

Aldersgrense AAlder: A

Detaljar

Skodespelarar: Med: Jørgen Mykløen

Regissør: Margreth Olin

Produksjonsår: 2023

Premiere: 01.09.23

Manus: Margreth Olin

Land: Norge

Sjanger: Dokumentar

Språk: Original

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord