Familielaurdag med Flaskepost frå havet kl. 14.00

Velkomen til ny FAMILIElaurdag i Operahuset Nordfjord!

Laurdag 22. mars inviterer vi igjen til: 

 – Ope bibliotek kl. 11.00 – 14.00
 – Open kinokiosk kl. 11.00 – 14.00
 – Kjekke aktivitetar, teiknebord, spelebord osv. 
 – Gratis kaffi til dei vaksne 
 – Kl. 14.00 – Flaskepost frå havet. Gratis, men med billettbestilling!  

Denne laurdagen får vi besøk av Thomas Lien som er pappaen i NRK Super-serien «Flaskepost fra havet».

Både vaksne og born sit fengsla framfor skjermen når «Flaskepost fra havet» sendast på NRK3. Historien om familien Lien sine reiser skapar engasjement og gode samtalar om den globale klimasituasjonen og kva vi kan gjere sjølve. Reiseskildringane er flotte og teiknar ein kvardag om eit alternativt liv, samhald og utfordringar.  

Denne laurdagen får vi høyre Thomas fortelje om familien, om reisene deira og kva vi alle kan gjere for å minske vår eiga klimapåverkninga, og vi får sjå både bilder og klipp frå serien. 

Foredraget passar for born og familiar og er gratis, men du må bestille deg ein gratisbillett. 

Foredraget er eit samarbeid mellom Stad bibliotek, Operahuset Nordfjord, Stad kino og Folkeakademiet Sogn og Fjordane. 

   

Vis meir

Lau. 22.03 Kl. 11.00

Kjøp billett

Lengde: 4 t 0 min

Billettpris:

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord