Eva Weel Skram – Falle til ro

Velkomen til ein kveld med smittande humør og musikalske perler på ei snor

Berre 8 ledige billettar! Dette er enkeltplassar, som må kjøpast ein og ein i kvart sitt kjøp.

Seks år har gått sidan Eva Weel Skram slapp sin første julesong, og dei siste åra har ho starta ein kjærkommn tradisjon med å spele julekonsertar, med alle sine julefavorittar i bagasjen.

Eva har gong på gong bevist at ho er ein mester på å tolke andre sine låtar, og alle som har opplevd ein av hennar julekonsertar kan skrive under på at Eva og hennar musikalske kumpanar meistrar å flette saman tradisjonsrike julesongar med storslagne julehits på ein dynamisk, underhaldande og stemningsfull måte. Her er det duka for ein kveld med smittande humør og musikalske perler på ei snor.

Ein av Eva sine første låtar med norsk tekst var «Selmas Sang», som var temalåten til NRK-serien «Snøfall». Songen har for lengst fått innpass i lista over nye norske juleklassikarar, og har etter kvart fått følgje av «Falle til ro» som Eva skreiv til Netflix-suksessen «Hjem til jul», samt tolkingar av juleklassikarar som «Nå tennes tusen julelys» og «Romjulsdrøm». 

Velkomen!

Vis meir

Mån. 18.12 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 20 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 595,-

Forsalg 595,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord