Ein kveld med Morten Krogvold

Hjarteleg velkomen til eit unikt møte med sjølvaste Morten Krogvold!

Morten Krogvold er ein inspirerande, arbeidsam, energisk og raus fotograf med djup kunnskap om kunst og fotografihistoria. Hans kreative prosjekt, prega av eit sterkt fokus på tidløyse og livets forgjengelegheit, kan ta fleire tiår å utvikle seg. Den unike foredragshaldaren og pedagogen har halde workshop, seminar og foredrag i meir enn 20 land, leia TV-program og gitt ut bøker. Han er spesielt kjent for sine svart-kvitt-portrett av kunstnarar, politikarar og kjendisar, men motiva hans består også av natur og klassisk arkitektur. Morten vart i 2005 utnemnt til Ridder av St. Olavs Orden.  

I tillegg til foredraget, vil han vise og gå gjennom utvalde innsende fotografi på det store lerretet i operasalen. Alle er velkomne til å sende inn bilete for vurdering! Send til post@operahuset.no innan 20. september. 

Program for kvelden: 
Kl. 18.30: Foredrag med Morten Krogvold
Kl. 20.00: Kort pause, ein kan velje sjølv om ein vil gå eller få med seg neste del: 
Kl. 20.15: Portfolio review – Morten Krogvold viser og går gjennom 25 utvalde, innsende fotografi 
Kl. 21.15: Arrangementet slutt

Hjarteleg velkomen til å møte Morten Krogvold og oppdage hans djupe og innsiktsfulle perspektiv på livet og tilværet!

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Tor. 26.10 Kl. 18.30

Kjøp billett

Lengde: 2 t 45 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 395,-

Journalistlaget 350,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord