Carte Blanche danseframsyning

«But Then, We’ll Disappear (I’d Prefer Not To)» av Frédérick Gravel

Norges nasjonale kompani for samtidsdans, Carte Blanche, kjem til Nordfjord!

«But Then, We’ll Disappear (I’d Prefer Not To)» av Frédérick Gravel hadde urpremiere på Festspela i Bergen i 2021. 

Møtet mellom menneske står sentralt i framsyninga. Korleis vi møter andre – og kor vanskeleg det kan vere å finne sin plass i felleskapen. Spørsmål rundt individet, “eg”, og plassen «eg» har i gruppa, “vi”, blir utforska.

Dansarane står allereie på scena når salen blir fylt med publikum. Dei beveger seg, tilsynelatande upåverka av kva som skjer rundt dei. Kostymedesignet gjer at kvar dansar skil seg ut i mengda. Med eitt er koreografien i gong, og dans og musikk fyller scenerommet.

Dansen og bevegelsane blir mer intense, i takt med musikken som strøymer ut og legg seg som eit teppe over det som skjer på scenegolvet. Handlingar som aldri blir fullført, brot og repetisjonar som rykker i kroppane. Som om dei dansar til strofer av songar berre dei høyrer.

Scena blir gradvis ommøblert ved bruk av lys, lyd, kostyme og scenografi. Koreografien endrar karakter. Teppet blir rulla ut, danserane samlast i sofaen, og mikrofonen blir slått på.

Kanadiske Frédérick Gravel tenker filmatisk og musikalsk i sine koreografiar, og er kjent for å snu opp ned på strukturane i koreografien. Han ser på ein koreografisk idé som ein melodi, og arbeida kan samanliknast med å lage ein konsert der han komponerer linjer som dansarane framfører med si eiga stemme, i deira eigen toneart. For Gravel blir framsyninga først skapt i møte mellom menneske, og scena blir ein arena for eit kunstnarisk og sosialt eksperiment der karakterar blir bygt og viska ut.  

Bak tittelen «But Then, We’ll Disappear (I’d Prefer Not To)» skjuler det seg eit ønske om å framheve individet si rolle i ei motsetningsfull verd der skuldkjensle og feiring er to sider av same sak i eit håp om at alt har ein plan.

Pressa seier:
«Carte Blanche’ nye danseforestilling er velkomponert, innbydende og utsøkt.» – Grethe Melby, Bergens Tidende, 6.6. 2021
««But Then, We’ll Disappear (I’d Prefer Not To)» handler om å finne tilbake til seg selv, for så kjempe for å ikke forsvinne. Det er like morsomt og fascinerende som det er sant og vakkert.» Mode Steinkjer, Dagsavisen, 18.9.2021

Koreografi og lysdesign: Frédérick Gravel
Musikk: Philippe Brault
Kostymedesign: Indrani Balgobin
Koreografiassistent: Jamie Wright

Dansarar: Caroline Eckly, Noam Eidelman Shatil, Nadege Kubwayo, Dawid Lorenc, Adrian Bartczak, Aslak Aune Nygård, Ole Martin Meland, Brecht Bovijn, Gaspard Schmitt, Naomi Schouten, Ihsaan de Banya, Mai Lisa Guinoo, Manon Campion, Irene Vesterhus Theisen

Originallåtar: Frédérick Gravel
Ein samproduksjon mellom Carte Blanche og Festspillene 2021

Les meir om framsyninga og Carte Blanche her: https://carteblanche.no/forestillinger-og-arrangement/but-then

Ettersnakk i foajeen med Carte Blanche etter framsyninga

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no.

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Fre. 12.04 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 15 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 350,-

Barn 150,-

Honnør 300,-

Gruppe 4+ 250,-

Ungdom/student 150,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord