Arven etter Bill Evans

Aage Lade solo piano

Jazzpianist, arrangør og komponist Bill Evans (William John Evans 1929 -1980) er rekna som ein fornyar av moderne triojazz heilt fram til i dag. Evans var sjølv influert av fleire retningar i amerikansk jazz, og viste på same tid slektskapet til europeisk kunst-musikktradisjon.

Arven etter Bill Evans har slik sett blitt ein jazzklassikar.

Aage Lade frå Sykkylven presenterer på konserten ei rekkje originale Evans låtar i soloformat. Låtar som elles berre sjeldan finn vegen til jazzens ferskvaredisk anno 2023.

Bill Evans sitt post-bop musikkunivers hadde sitt utgangspunkt i be-bop- og swing-æraens standardrepertoar. Tilsvarande forankring har Aage Lade når han her formidlar sin versjon av tidlaus pianojazz til nye og gamle jazzentusiastar.

Publikum sit på scena under konserten. Billettane er unummererte. 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Tor. 11.01 Kl. 20.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 0 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 200,-

Barn 100,-

Ungdom/student 100,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord