Anita Skorgan
Opplev den folkekjære artisten si personlege historie, krydra med nydeleg musikk.
For 26 år sidan vart Anita Skorgan mamma til tvillingjenter med cerebral parese.
No opnar den kjende og kjære artisten opp for å fortelje om sitt utfordrande mammaliv. I konsertforedraget «Bare en mamma» formidlar Skorgan smerta, prøvelsane – og uventa glede.
Heile landet har hatt gleda av å kjenne Anita som artist og låtskrivar i svært mange år. Trass i at ho levde i rampelyset, klarte ho å verne familien sin mot eksponering. Difor var det sterkt, og for mange overraskande, å få ta del i nokre av hennar livserfaringar då ho gjesta NRK Lindmo for nokre få år sidan.
På heimebane har ho gjennom alle desse åra kjempa store kampar på vegne av sine funksjonshemma barn.
Dei to tvillingjentene fekk diagnosen cerebral parese etter ein for tidleg fødsel. Begge brukar rullestol og begge budde heime til dei var 18 år. No som Anita har fått tilbake kreftene, føler ho eit behov for å dele desse sterke opplevingane.
Det har nærast blitt ein klisjé at kampen mot systemet er ein hardere prøvelse enn det å vere forelder til barn med tunge omsorgsbehov.
Like fullt er det slik ho opplever det når ho blir fullstendig avhengig av hjelp og støtte utanfrå for å klare omsorga for dei multifunksjonshemma tvillingane og for å meistre sitt nye liv.
Anita skildrar dette i foredraget, og vi får vere med på forteljinga om korleis det gjekk til i den første, avgjerande tiden då livet blei snudd heilt rundt. Ein reddar barn til eit liv som funksjonshemma. Men kva slags liv reddar ein dei til? Kva slags haldninger møter barna?
Kva skjer med familien og dei relasjonane som eksisterte før alt dette? Og korleis overlever ein eit sjokk og ei sorg av slike dimensjonar?
Midt opp i alt dette krevande skildrar ho også den uventa gleda, kjærleiken og styrken som dukkar opp og som byr på utvikling og nye horisontar.
Undervegs får vi høyre Anita sine personlege musikkinnslag som emosjonelt utdjupar og fargar det heile.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
