Reisen mot nord

Årets vakraste juleeventyr for heile familien – Basert på H.C. Andersen si «Snødronningen».

Når bestevenen til Gerda forsvinn nesten sporlaust, nektar ho å gje opp. Gerda tek farvel med katten sin og legg ut på reise, inn i det ukjente nord. Det blir eit hendingsrikt eventyr i ei stor verd, og Gerda må overvinne mange tøffe utfordringar. Heldigvis oppdagar Gerda at ho ikkje er åleine, og ho finn viktige hjelparar i ein trufast hest, ein reddande fugl, ein gut med namn Sampo og ei heks som tilbyr husrom. Det syner seg at ein fiende følgjer med på henne i det skjulte: Snødronninga og lærlingen hennar, Ludvig, held bestevenen til Gerda fanga i eit ispalass langt mot nord i Noreg. Dei prøver å lure Kai til å løyse ei mystisk oppgåve for dei, og gjer alt dei kan for å hindre redningsaksjonen. Korleis kan Gerda redde bestevenen sin? Reisen mot nord baserer seg på H.C. Andersen sitt hylla eventyr Snødronningen. No kjem endeleg det leikne og uendeleg fantasifulle eventyret kledd i nydeleg, storslagen animasjon for kinolerretet. Den banebrytande norske fantasy-forfattaren Bente Lohne har regien på ein julefilm for heile familien som vekkjer oppsikt internasjonalt. Med Pixar-grunnleggjar og Toy Story-produsent Ralph Guggenheim på produsentteamet, får Reisen mot nord også ei massiv, internasjonal kinolansering «Reisen mot nord utmerker seg med sin urokkelige forankring i H.C. Andersens tekst og – ikke minst – ved sin smittende fortellerglede.» – Johs N. Frandsen ved H.C. Andersen-senteret.

Vis meir

Lau. 13.12 Kl. 12.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris:

Aldersgrense 6 årAlder: 6 år

Detaljar

Regissør: Bente Lohne

Produksjonsår: 2025

Premiere: 07.11.25

Manus: Bente Lohne

Land: Norge

Sjanger: Familiefilm, Animasjon

Språk: Norsk

Undertekst: Norsk

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord