10 Liv

10 LIV er ein sjarmerande og svært morosam animasjonsfilm for heile familien – med Steinar Sagen i hovudrolla som katten Buster! I dei andre norske stemmene finn me mellom andre Markus Neby, Abu Hussain, Galvan Mehidi, Anders Bye og Anna-Lisa Kumoji.

Buster er ein bortskjemt og egoistisk katt som tek det privilegerte livet sitt heilt for gitt. Men dette er i ferd med å endre seg dramatisk når han uforsiktig mistar sitt niande liv. Utan fleire liv att og konfrontert med lagnaden sin, må Buster innom Portvaktaren og trygle om å få livet sitt attende. Til å byrje med blir han avvist, men i ein sjeldan augeblink av medkjensle gjev Portvaktaren han ein ny sjanse på jorda med eit heilt nytt sett liv. Det Buster derimot ikkje er klar over, er at kvart av desse nye liva kjem til å bringe han attende i form av eit nytt dyr kvar gong… kvar av dei med ein viktig og lærerik erfaring. Gjennom denne reisa blir Buster endra frå å vere ein sjølvopptatt katt til ein sjølvoppofrande helt; for nokre gonger må ein gå mange ulike vegar for å finne den aller beste versjonen av seg sjølv.

Vis meir
Premiere
02.08.2024

Aldersgrense 6 årAlder: 6 år

Detaljar

Regissør: Chris Jenkins

Produksjonsår: 2024

Premiere: 02.08.24

Land: England, Canada

Sjanger: Animasjon, Barnefilm

Språk: Norsk

Undertekst: Norsk

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord