Vestland, Vestland

Vestland, Vestland

Torsdag 3. september kl 19.00

Urpremiere! I dette humoristiske teaterstykke «Vestland, Vestland» får publikum vite ein heil del om Sogn og Fjordane og Hordaland som dei sikkert alltid har lurt på, og ein heil del som dei ikkje visste at dei lurte på.

Kva skjedde på Gulatinget?
Låg dei tyske keisarane med damene på S-laget?
Går det an å flørte i dalatrekk?
Er det trist når nabosvinet døyr?
Kva har skjedd og kor er vi på veg?
Kort sagt: Kven er vi?

Framsyninga er ei gåvepakke frå Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret til alle innbyggarane i det nye fylket. Ei rekke påstandar, særpreg og historiske hendingar blir presenterte, gjenskapte, diskuterte og avklarte, slik at vi kan vandre vidare saman.

 

På scena står Claus Sellevoll frå Alversund i Nordhordland og Sigrid Moldestad frå Breim i Nordfjord. Finn Tokvam har skrive teksten, inkludert ei rekke songar som er tonesette av Odd-Erik Lothe. Arvid Ones har regien. «Vestland, Vestland» er produsert av Teater Vestland og Det Vestnorske Teateret.


Av Finn Tokvam. Regi Arvid Ones. Lysdesign Krystian Myska. Komponist Odd-Erik Lothe. 

Medverkande: Claus Sellevoll og Sigrid Moldestad

  

Framsyninga varer i om lag 1,5 time (ikkje pause). 

 

Billettprisar inkl. avg.:

Lansering 245 kr - tilbod til 31. desember 2019

Ordinær 375 kr

Honnør 305 kr

Student/ungdom til 26 år 135 kr

Barn135 kr

Gruppe 5+ 305 kr

BOB-medlem 305 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 03 sep 19:00 Vestland, Vestland /135 Kjøp