Vere to med Odd-Erik og Line
Vere to med Odd-Erik og Line

VERE TO
Odd-Erik og Line med gjestar og band

Laurdag 26. oktober kl 19.00

Dei seier motsetnader utfyller kvarandre. Stemmene til Odd-Erik Lothe og Line Dybedal gjer akkurat det. Odd-Erik med si ru og varme, og Line med si vare og lyse gjev lyttaren ei oppleving av noko nært og ekte.

 

Samarbeidet starta i 2010 med låta «Vere to», og sidan har stemninga mellom nordfjordingane vore så god at det har kome meir vakker musikk. 


På denne konserten samlast Odd-Erik og Line i operahuset med duettane «Vere to», «Vinterkveld», og «På ei øy», samt andre hitar som «Jordbær og Grasbrann» og «Nordfjordnatt».

 

Line frå Selje, også kjend frå The Pink Robots, gav ut sitt fyrste album på norsk i 2016. Ho har hatt mange radiolistingar på NRK P1 og NRK P3, og kan vel allereie seie at ho har godt rotfeste i norsk musikk. For tida er ho aktuell med musikken til BarneTV-serien "Bli med heim".

 

Odd-Erik frå Kjølsdalen starta si karriere med bandet Fabel i 1995 og har sidan gjeve ut fleire album og mange godlåtar som har vore lista på NRK P1. Han kan også skryte av ein Spellemannsnominasjon!

 

Klikk her for Facebook-arrangement

 

Konserten varer i ca 1 t 45 min (ikkje pause). 


Billettpris 400 kr inkl. avg.

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement. Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 26 okt 19:00 Vere to med Odd-Erik og Line Kjøp