Vamp 1. november
Vamp 1. november

Vamp

Torsdag 1. november kl 19.00

I år er det 25 år sidan Vamp kom ut med sitt aller første album, «God morgen søster». Den velkjende Vamp-songen Tirn’a Noir er frå dette albumet. Dei starta samarbeidet med lyrikaren Kolbein Falkeid i 1991, og allereie året etter fekk dei platekontrakt. Tirn’a Noir blei sleppt som singel og starta eventyret for alvor. Med sitt aller første album snappa Vamp sin første Spellemannpris framfor ringrevane Bjørn Eidsvåg og Jan Eggum.

 

I dag tilhøyrer Vamp eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela. Som vêret på Vestlandet er dei fulle av kontrastar; frå det voldsomme og dramatiske til det lune og inderlege. Dei har selt plater i bøtter og spann og hausta mykje heider og ære, mellom anna fem Spellemannprisar og Prøysenprisen. Seinast i fjor haust mottok dei Medaasprisen 2017. Då kom også albumet «La la la» ut, som fekk strålande kritikkar.

 

Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei kan ause av på konsertane sine. Det er berre å glede seg!

 

Vamp består av:
Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel
Jan Toft: vokal, gitar
Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel
Bjørn Berge: gitarer, banjo, vokal
Kjetil Dalland: bass, kor
Lars Eirik Støle: orgel, trekkspel, kor

 

www.vamp.no

 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1,5 time (ikkje pause)

Billettpris 490 kr inkl. avgift

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 01 nov 19:00 Vamp 490 Kjøp