Vaffelhjarte 5. mai

Vaffelhjarte // Riksteatret

Tysdag 5. mai kl 18.00

Ein ven i livet skulle alle ha!

 

Maria Parr er blitt omtalt som vår nye Astrid Lindgren og norsk barnelitteratur si nye superstjerne. Vaffelhjarte kjenner du kanskje også frå TV-serien på NRK med musikk frå Odd Nordstoga? Med Riksteatret kan du glede deg til ei fartsfylt teaterframsyning med humor, varme og mykje musikk. Og lukta av nysteikte vafler, så klart.

 

Vaffelhjarte handlar om dei to barna Trille og Lena i den vesle bygda Knert-Mathilde. I Riksteatret si store familieframsyning følgjer vi dei to oppfinnsame barna gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. De finn på masse moro, gjer rampestrekar og har løyndomar saman. Ofte går det litt over styr i den vesle bygda deira. Og innimellom all leven og latter, fortel Trille lavmælt om alvor og sorg i eit barneliv, og om redselen for å miste dei han er glad i. Men Farfar følgjer med – og han er god å ha. Og Tante-Farmor, som lagar verdas beste vaflar, forsikrar Trille om at han ikkje treng å vere redd.

 

På scena: Johanne Fossheim, Vidar Sandem, Kjærsti Odden Skjeldal, Erlend Smalås, Linda Tørklep, Eirik Risholm Velle, Catharina Vu og Martin Karelius Østensen

Team: Regissør Kjersti Haugen, musikalsk ansvarleg Ket Iren Lødemel, scenograf og kostymedesignar  Dagny Drage Kleiva, dramaturg Tine Thomassen og produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen

 

Premiere 7. februar 2020

 

Klikk her for Facebook-arrangement

 

Framsyninga passar for barn frå fem år, og varer i om lag to timar inkludert pause. 

 

Billettprisar:

Ordinær 275 kr (barn, vaksen, pensjonist, student)

Familiepris (grupperabatt for 4 eller fleire) 225 kr

Samarbeidspartnarar 225 kr. Må oppgje kode frå DNB, Statnett, TINE, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta eller Norsk bibliotekforening. Maks 4 bill. 

Coop-medlem 220 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill. 

BOB-medlemmer 225 kr. Maks 4 bill.

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
ty 05 mai 18:00 Vaffelhjarte Kjøp