Stad kino opnar frå 14. mai
Stad kino opnar frå 14. mai

Stad kino opnar frå 14. mai

Hurra - vi er glade for å kunne opne opp kinosalen for litt fleire! Vi legg fortløpande ut nye kinoframsyningar i vekene framover, tilpassa gjeldande smittevernsreglar. Og kinokiosken er open! 

 

Vi gler oss veldig til å ta i mot deg! Men husk at du sjølvsagt må vere frisk frisk når du kjem! Er du sjuk eller har symptom på sjukdom, held du deg heime. Vi set fram antibac ved inngangane og ber deg om å bruke dette både når du kjem og i det du går.  

 

 - Du må kjøpe billett via nettsidene våre eller eBillett-appen. 

 - Billettane er unummererte. 

 - Du må registrere namn og kontaktinfo for å få gjennomføre kjøpet, og ved ein eventuell smittesituasjon kan opplysningane dine bli delt med smittevernmyndigheitene. 

 - Publikum skal sitte med minimum 1 meters mellomrom, det vil seie at det må vere eitt tomt sete mellom deg og neste publikummar. 

 - Personar frå same husstand har lov å sitje saman, men må ha eitt ledig sete på sidene til neste publikummar. 

 - Kinoverten hjelper til med plasseringa i salen, og har mynde til å flytte på publikum for at 1 meters-grensa skal haldast. 

 - Vi har plass til 28 publikummarar på kvar visning.

 

Sjå programmet og kjøp billettar her! 

 

Følg også Stad kino på Facebook for oppdateringar!