Sommarbasar 1. juni
Sommarbasar 1. juni

 

Sommarbasar Eid barne- og ungdomskor

Laurdag 1. juni kl 14.00-16.00

Det er duka for årets basar i Eid barne og ungdomskor, i foajeen i operahuset. Vi kjem til å ha åresal og loddbøker med massevis av fine premiar. Det vert konsertar med koret under basaren. 

 

Vi skal ha kiosksal med mykje godt, så etter laurdagshandelen er dette den perfekte stad å ta ein kaffikopp med noko godt attåt. 

 

Velkomne til basar!

 

Helsing styret i Eid barne og ungdomskor

 

(Foto: Tormod Flatebø, Fjordabladet, frå basaren i 2018)

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 01 jun 14:00 Sommarbasar Les meir