Skulemusikalen
Skulemusikalen

Musikalen SKJULT - avlyst

Musikalen «Skjult» er diverre avlyst.

 

Kjøpte billettar blir refunderte.

 

De som har kjøpt billettar på nett/app, har fått e-post frå oss og treng ikkje gjere noko. Pengane blir utbetalte av Ebillett til den kontoen som vart belasta ved billettkjøpet. Det kan gå eit par veker før pengane er tilbake på konto. Betalte du billettane heilt eller delvis med gåvekort, vil den summen som var belasta gåvekort bli tilbakeført til kortet.


De som har kjøpt billett(ar) på biblioteket, kontakt oss på post@operahuset.no.


Informasjon frå Eid ungdomsskule:

«Vi håpte i det lengste at det skulle la seg gjere å framføre musikalen vår Skjult, men i dag har vi vedteke å avlyse musikalen. Ut frå gjeldande smitteverntiltak, gruppestorleik og avstand, let det seg ikkje gjere å framføre musikalen, og med 130 elevar i aksjon klarer vi ikkje å halde ein meter avstand mellom aktørane på scena.
Dette er svært leitt for både elevar og lærarar som har lagt ned mange timar med øving og gleda seg til å framføre musikalen på scena i Operahuset for medelevar, venner, familie og andre, men ikkje minst også for dei som har laga musikalen, Aleksander Raftevold, Lise Rønnestad og Hege Kristin Lillestøl Naustdal. Året 2020 vil bli hugsa som det året alt vart sett på vent. Slik er det berre, det er likt for alle og vi må respektere det.
På noverande tidspunkt veit vi ikkje kor lenge smitteverntiltaka vil vare, men vi håpar alle etterlever tiltaka slik at samfunnet kjem i normalt gjenge igjen. Det vert ikkje musikal neste skuleår, men om 3 år. Om det då vert ny oppsetjing av Skjult veit vi ikkje, vi har rettigheita, men det kan også bli noko anna.
Norunn Kjøsnes, rektor»

 

--------------------------------------

 

Eid ungdomsskule og Stad kulturskule i samarbeid med Operahuset Nordfjord, set igjen opp skulemusikal. Det er sjette gongen kulturskulen og ungdomsskulen gjer dette.

 

Musikalen er også denne gongen sjølvskriven og det kjekkaste av alt er at musikken er skriven av vår eigen Aleksander Raftevold. Manusforfattarar er Hege Kristin Lillestøl Naustdal og Lise Rønnestad, og Dan Aasebø skal arrangere musikken. 

 

Over 100 elevar kjem til å fylle scena 26. og 27. mars 2020 i musikalen SKJULT.

 

SKJULT handlar om at livet er fullt av val som vi kvar og ein må ta, men den handlar òg om vennskap, familie og det å vere bra nok. Kort sagt, den handlar om ungdomstida på godt og vondt.

 

Klikk her for Facebook-arrangement

 

Musikalen varer i om lag 2,5 time inkludert ca 25 min pause


Billettprisar inkl avg: 

Barn 100 kr

Ungdom 15-19 år og student 150 kr

Vaksne 250 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement. Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.