AVLYST: Russerevyen 2021: "Den raude kofferten"

Fredag 5. februar kl 19.00 og laurdag 6. februar kl 18.00

Eidarussen 2021 har bestemt seg for å avlyse revyen, grunna koronasituasjonen. Kjøpte billettar blir refunderte, billettkjøparane har fått informasjon på e-post. Kontakt oss på post@operahuset.no om de har spørsmål.

Revysjefane Hanna Taklo Stautland, Kristina Balsnes Lyngstad og Sølvy Henden seier følgjande:
«Vi har diskutert fram og tilbake, og har dessverre bestemt oss for at vi må avlyse revyen. Denne harde beslutninga har vi tatt på grunn av koronasituasjonen og fordi det blir for lite tid til øving. Skulle vi ha utsett revyen, ville det kome i konflikt med m.a. andre skuleaktivitetar. Det er kjempetrist, for vi har jobba kjempemykje alle saman, og vi veit dette hadde blitt ein veldig bra revy. Men på grunn av så knapp tid og situasjonen vi er i, har vi dessverre tatt denne beslutninga. Håpar folk har forståelse.»

Operahuset Nordfjord har sjølvsagt full forståing og respekt for avgjerda. Eidarussen 2021 er ein flott og ansvarleg gjeng, vi ønskjer dei alt godt og håpar dei får ei velfortent fin russetid trass korona!

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Russerevyen 2021 handlar om at ein av lærarane på Eid vidaregåande skule har rota seg opp i ei skikkelig krise, og lurer med seg elevane på eit farlig oppdrag!

2020-russerevyen heitte "Lockdown" og handla om ein epidemi som snudde kvardagen på Eid vgs på hovudet. Treffer årets russ like skremmande godt med temaet denne gongen?!

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

Revyen  varer i om lag 1 t 45 min, ikkje pause.

Billettprisar inkl. avg.: 

Ungdom/student 200 kr

Barn til og med 14 år: 160 kr

Ordinær 260 kr

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no.