Reisa til julestjerna 27. - 29. nov

Reisa til julestjerna - Opera Nordfjord

Fredag 27. november kl 18.00
Laurdag 28. november kl 18.00
Søndag 29. november kl 14.00

 

Endeleg kjem den store publikumssuksessen Reisa til Julestjerna til Operahuset Nordfjord, når Opera Nordfjord set opp denne folkekjære klassikaren frå 1924 i slutten av november.


Reisa til Julestjerna (originaltittel: Reisen til Julestjernen) er eit norsk skodespel av Sverre Brandt frå 1924, oppført første gong 2. juledag 1924 på Nationaltheatret i Oslo. Stykket har rekord i antall forestillingar på Nationaltheatret – allereie i januar 1962 vart stykket oppført for 500. gang. Brandt brukte julesangen «Glade jul, hellige jul» som motiv, og det er Johan Halvorsen som har skrive musikken til stykket.
Opera Nordfjord er særs stolt over å ha fått rettane til dette vakre eventyrteateret, som passar for heile familien, frå dei aller minste til dei aller eldste.


Opera Nordfjord vil gå i gang med rollebesetning og audition for alle rollene innan utgangen av juni. På rollelista står det både vaksne og born, og sjølvsagt Sonja, som er hovudpersonen på leiting etter Julestjerna. I tillegg skal unge dansarar spele både nisseborn, snøfnugg og englar.


Michael Pavelich er regissør og dirigent, Candice Bredesen skal ha koreografiansvar, Anndi Bergset skal utforme scenografien og Ovar Holmen er lysmeister. Heile framsyninga vert driven fram av vakker, klassisk orkestermusikk, framført av 15 profesjonelle musikarar i orkestergrava.


Reisa til Julestjerna er ei klassisk eventyrfortelling, der den onde greven prøver å forhindre at den uskuldige og godhjarta Sonja,som heilt uvitande er prinsesse Gulltopp, skal komme heim til den snille faren sin, sjølvaste kongen. Han har ulukkeleg leita etter og venta på si kjære dotter sidan ho forsvann som lita jente. På si leiting etter Julestjerna møter Sonja både Heksa, Greven, Nissefar, Julemannen, Nordavinden, dei snille fuglane og ei gammal kone med ei dotter som frys, til ho møter Sonja, som gir henne ullvesten sin. På Slottet er det Ole og Petrine som på humoristisk vis støttar kongen så godt dei kan, og som sjølvsagt held eit ekstra auge på den onde greven… Korleis det går til slutt, får ein vite den siste helga i november.

 

Framsyninga varer i om lag 2 timar 15 min inkl. pause. 

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen eitt tomt sete mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.


Billettprisar inkl. avg.: 
Vaksne 390 kr

Barn 270 kr

Ungdom/student 270 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no