Raudhette og ulven 25. mars

Raudhette og ulven // Teater Vestland

Torsdag 25. mars kl 18.00

Det var ein gong i ein skog i eit land i ei stove ei lita jente som heitte Raudhette. Heilt åleine måtte ho gå den lange vegen gjennom skogen med mat til bestemora som var blitt for gammal og skrøpeleg til å ta vare på seg sjølv.


Men hei, vent no litt! Veit vi heilt sikkert at ho var så lita? Og var ho eigentleg jente? Viss eventyret om den raude kappa og den svoltne ulven er over tusen år gammalt, har det sikkert blitt kviskra meir enn ti tusen gonger, og talet på spørsmål har nesten like mange nullar bak seg. Kven var det modige barnet i den raude kappa, eller var det eigentleg ein hatt? Blir Raudhette faktisk redda til slutt, eller er det noko vi har dikta til på slutten for ikkje å skremme små, uskuldige born? Og så er det hovudspørsmålet, kjære publikum: Kva har Raudhette i korga si, er det eit hemmeleg våpen, ei flaske saft, brød eller kaker?


Den prislønte regissøren Alex Byrne kjem til Teater Vestland for å skape eventyrleg stemning. Han er kjent for leikne adapsjonar av «Snøhvit», «Skjønnheten og udyret» og «Hans og Grete». Ta med deg heile familien til eventyrland!

 

Regissør: Alex Byrne
Regiassistent/dramaturg: Elisabet Topp

Scenograf og kostymedesignar: Mari Lotherington

Lysdesignar: Krystian Myska
Dramaturg: Cecilie Grydeland Lundsholt
Komponist / musikalsk ansvarleg: Gregory Hall

Medverkande: Kyrre Eikås Ottersen, Anne Wiig, Haflidi Arnar Haflidason, Katrine Lunde Mackenzie

 

Korona-oppdatering 20. januar: Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og tilstøytande område med lite smitte. Operasalen og kinosalen har fastmonterte sete, dermed kan vi ta imot inntil 200 publikummarar. Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for arrangement eller kino, kontaktar vi billettkjøparane. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Framsyninga varar i ca 1 time og 30 minutt.
Med atterhald om endringar.

 

Billettprisar inkl. avg.:

Lansering 255 kr - tilbod til 31. desember 2020

Barn og ungdom til 16 år 125 kr

Ordinær 385 kr

Honnør 315 kr

Gruppe 5+ 315 kr

BOB-medlem 315 kr

Teaterven 265 kr (må oppgje kode frå Teater Vestland)

UNG - ungdom 16-30 år 135 kr
 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 25 mar 18:00 Raudhette og ulven 385 Kjøp