PANG! 22. mars

Riksteatret: PANG! 

Måndag 22. mars kl 19.00

Velkomen til ein morosam kveld med Riksteatret! Sei god dag til Rolf Pang, ein manipulerende mann som har eitt mål – å få kloden til å dreie rundt han.

 

Forfattaren av Pang! seier at han skreiv komedien som ein allergisk reaksjon då Donald Trump blei president. Ein allergisk reaksjon mange nok har følt, og som berre har blitt sterkare og sterkare i takt med at Trump sine løgner har blitt fleire og fleire og grovare og grovare.

 

- «Pang!» er ein skarp satire over vår eiga samtid. Ein ellevill komedie som plukkar opp samfunnsaktuelle fenomen. Den er sett saman av mange element, nesten som ein kabaret krydra med gjenkjennelege situasjonar. Eg trur alle kjem til å like nokre bitar i denne Twist-posen, seier regissør Peer Perez Øian.

 

Som i alle gode satirar sparkast det i alle retningar. Rolf Pang er så sjølvsentrert at han tar livet av si eiga søster i mors liv. Det er ikkje plass til andre enn han. Han er det ultimate monster, men foreldra meiner at sonen ikkje kan gjere noko gale – same kor valdeleg han oppfører seg. Den haldninga får fatale følgjer.

 

- Foreldra feigar ut, tar ikkje ansvar. Dei vel å oversjå dei mindre sympatiske trekka ved sonen og plasserer skulda andre stader. Andre som forsøker å setje grenser eller utfordre egoet hans, møter Pang med verbale eller fysiske motangrep. Han er skamlaus, narsissistisk, har ingen grenser, seier Øian.

 

Sjølv har forfattaren sagt at han blant anna vil setje søkjelys på det han kallar «eit underleg fenomen» - foreldre som blir så blinde for eigne barns feil, at det heile utviklar seg til ein konkurranse i å framstille barna sine som spesielle eller evnerike. At ei gut kan gå når han er ti månader gamal, vil ikkje seie at han kjem til å bli ein Mozart, påpeikar dramatikaren.

 

Pang! er blitt spelt på scener over hele Europa, og endeleg blir det mogleg å oppleve dette kritikarroste teaterstykket med Riksteatret på kulturhusscener over heile landet. Håpar vi sjåast!

 

Kritikarane seier:

«Skuespill av høy klasse (…) Olav Waastad er et funn i rollen som Rolf Pang (…) Rebekka Nystabakk og Bartek Kaminski bytter på alle rollene som ikke er Rolf, Rolfs foreldre eller kameramannen. Det gjør de med overskudd, og det ser også ut som om de har det gøy» - Klassekampen

«Egoismen og oppmerksomhetssyken hos Rolf Pang kjenner ingen grenser (…) Skuespillere i fri dressur så vel fysisk som verbalt åpner for skarpe observasjoner, ramsalt samfunnssatire og lavtrekkende humor.» - Dagsavisen

«Forestillingen klarer å få frem det tankevekkende midt i komikken og lettheten (…) Pang! et angrep på ledere med et lettvint forhold til rettferdighet. Og et stikk til alle de som lar det skje. (…) Så karikert at det nesten tipper over» - Vårt Land

«Det er futt og fart (...) sydd fint sammen i Peer Perez Øians regi» - Norsk Shakespearetidsskrift

 

På scena: Espen Alknes, Peiman Azizpour, Bartek Kaminski , Ida Klem, Rebekka Nystabakk og Olav Waastad

 

Regissør Peer Perez Øian, scenograf Olav Myrtvedt, kostymedesignar Christina Lovery, lysdesignar Kai Roger Havn, komponist og lyddesignar Gaute Tønder, videodesignar Eilif Fjeld Teisbo, koreografisk assistanse Stian Vikjord Danielsen, dramaturg Siri Løkholm Ramberg og produsent Rebecca Mathisen

 

Av Marius von Mayenburg. Omsett av Øyvind Berg. Colombine Teaterförlag. Originaltittel: Peng. Produsert av Riksteatret i eit samarbeid med Nationaltheatret. 

 

Korona-oppdatering 23. februar og 20. januar, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:
• Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og tilstøytande område med lite smitte.

• Inntil 100 publikummarar kan vere samla 

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for arrangement eller kino, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Framsyninga varer i om lag 1 time 45 min, ikkje pause. 

 

Billettprisar:

Ordinær 395 kr

Honnør 320 kr

Under 30 år 175 kr

Samarbeidspartnarar 320 kr. Må oppgje kode frå DNB, Statnett, TINE, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta eller Norsk bibliotekforening. Maks 4 bill.

Coop-medlem 295 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill.

Introduksjonstilbod for abonnentar på "Vi over 60" 205 kr, oppgje kode derifrå

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
må 22 mar 19:00 Riksteatret: PANG! 395 Kjøp