Operagalskap! 16. oktober

Operagalskap! 

Fredag 16. oktober kl 19.00

Operagalskap er ei forrykande forestilling med sopran Eir Inderhaug og pianist Jan Gunnar Sørbø, begge i fri utfalding. Saman presenterer dei eit vidtfemnande og virtoust program med utgangspunkt i opera-livsverda. Dei byr på elleville påfunn og gnistrande samspel i ei framsyning med hovudvekt på opera.

 

Vi får også innslag av samtidsmusikk og country. Det heile er gjennomsyra av eit blendande klaverspel og stor stemmeprakt. Det sjangeroverskridande programmet vender seg til eit breitt publikum og er innom heile kjensleregisteret. 


Eir Inderhaug (f.1974) er ein norsk sopran, utdanna ved Rogaland Musikkonservatorium, Opera Akademiet i København og Kgl. Danske Musikkonservatorium i København. Inderhaug vann NRK-talentiaden i 1991. Ho har hatt opera-, operette- og musikalroller i mellom anna Tyskland, Sverige, Norge, Belgia. I Norge har ho vore engasjert ved Den Norske Opera og Ballett, Les Misérables på Trøndelag Teater, Spelet om Heilag Olav på Stiklestad i tolv sesongar og Peer Gynt-stemnet ved Gålåvatnet. Hennar eiga framsyning "Jeg ER Lucia" mottok strålande kritikkar og terningkast seks etter å blitt spelt i Kristiansand, Trondheim og Oslo i 2017. «En operafest som bør fenge langt utover et vanlig publikum» var Fædrelandsvennen si skrildring, mens Aftenbladet slo fast at «Eir imponerer stort».


Jan Gunnar Sørbø (f. 1982) er ein norsk pianist med utdanning frå Høgskolen i Stavanger, Norges Musikkhøgskole, Musikkhøgskolen i Hannover og Barratt-Due musikkinstitutt. Si solistutdanning og offisielle debut har han frå Syddanske Musikkonservatorium i Odense. Internasjonalt har han halde konsertar i Danmark, Sverige, Georgia, Frankrike og Tyskland. I Norge har han i tillegg til solokonsertar markert seg som ein framifrå kammermusikar og akkompagnatør i ei rekkje samenhengar, mellom anna som pianist i Stavanger Klaverkvartett.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen to tome sete mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

  

Konserten varer i vel ein time. Ikkje pause. 

 

Billettpris 250 kr inkl. avg. 

  

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Stad bibliotek Nordfjordeid tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 16 okt 19:00 Operagalskap Kjøp