Nordic Tenors, Viva la Musica

Nordic Tenors: Viva la Musica

Torsdag 19. mars kl 19.00

I konsertframsyninga "Viva la Musica" gjev Nordic Tenors publikum ein kveld spekka med musikalske høgdepunkt og mykje humor. “Viva la Musica» er eit spansk uttrykk som betyr “lenge leve musikken». Musikk har vore underhaldning og terapi for oss menneske gjennom tusenvis av år.

 

Nordic Tenors sprudlar av song- og musikkglede, og erklærer sin kjærleik til dei vakre klassiske perlene frå operaverda og til musikalske høgdepunkt frå pop- og visesjangeren. Deira nydelege stemmer har gitt mange gåsehud og uforgløymelege augeblikk. Dei sjarmerande tenorane har vunne publikum sine hjarte like mykje for sine humoristiske innslag som for sine flotte stemmer. Publikum kan derfor glede seg til både store musikalske oppleveingar og herleg humor som vil gje lattermusklane god trim!

 

Nordic Tenors består av tenorane Roald Haarr, Sveinung Hølmebakk og Jan-Tore Saltnes. Dei har med seg sin eminente pianist Øystein Lund Olafsen.

 

Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastarar, opna operaen i Oslo - og har vunne hjarta til publikum over heile landet.

 

Sjå og høyr Nordic Tenors på YouTube  |  Høyr Nordic Tenors på Spotify

 

Klikk her for Facebook-arrangement

 

Konserten varer i om lag 1 t 15 min, ikkje pause

 

Billettpris 425 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 19 mar 19:00 Nordic Tenors: Viva la Musica Kjøp