UTSETT: Mio, min Mio
UTSETT: Mio, min Mio

Mio, min Mio - Riksteatret 

Framsyninga er utsett på ubestemt tid.

Riksteatret må diverre utsetje denne turneen, som følgje av smittevernreglane som omfattar kulturarrangement. Framsyninga har ei helt spesiell form med interaktivitet og nærleik mellom skodespelarar og publikum, der alle er samla i eit lukka rom på 7 x 9 meter.  Med dei gjeldande smittevernreglane vil det ikkje vere mogleg å gjennomføre framsyninga på ein forsvarleg måte, verken kunstnerisk eller i samsvar med smittevernreglar. Riksteatret har difor tatt det tunge valet å utsetje turneen.

Riksteatret ser fram til å ta opp igjen turneen og vise «Mio, min Mio» til publikum over heile landet, når samfunnet igjen er mer normalisert.

 

Mio, min Mio er historia om den foreldrelause guten som blir prins Mio. Ei storslått og vakker forteljing om sakn og einsemd, venskap og ondskap og det sterke bandet mellom barn og foreldre.

 

Bo Vilhelm Olson bur hos fosterforeldre som meiner det var ei ulukke å få han i hus. Ein dag han sit åleine på ein benk, skjer det noko merkeleg. Han blir ført til Landet i det Fjerne. Der ventar hans far Kongen, som har lengta etter han sidan han blei fødd.

 

Denne vakre framsyninga i Hilde Brinchmanns regi blei kåra til "Årets beste barneforestilling", Heddaprisen 2019. Med Riksteatret får barn og vaksne over heile landet oppleve teatereventyret der dei sjølv bor. 

 

"En fantastisk opplevelse" Romsdals Budstikke (6)

"Magiske, mytiske Mio" Sunnmørsposten (5)

"Det er ikke få voksne som har kommet hulkende ut fra denne sterke barneforestillingen." Hedda-juryens begrunnelse

 

Aldersgrense 6 år. 

 

Avgrensa antal plassar!

  

På scena: Maja Evenshaug Christiansen, Iver Innset og Dagfinn Tutturen. Team: Regissør Hilde Brinchmann, scenograf Paul Sebastian Garbers, kostymedesigner Helena Andersson, lysdesigner Jonas P A Fuglseth, lyddesigner og komponist Eirik Myhr og produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen. Av Astrid Lindgren. I Hilde Brinchmanns dramatisering Forlag: Nordiska A.p.S - København. Produsert av Teatret Vårt i samarbeid med Nordland Teater. Produsert for turné av Riksteatret.

 

Framsyninga varer i 1 time 10 min (ingen pause).

 

Billettprisar inkl. avg., per person: 

 

Salet må dessverre stoppast til vi har fått enkelte avklaringar frå helsestyresmaktene som vil vere heilt avgjerande for kor mange billettar som kan seljast til framsyninga.

 

NB! Viktig billettinformasjon: Det er eige publikumsamfi på framsyninga, inndelt i fleire sitjeruter. I kvar sitjerute kan det sitje to eller tre personar; maks to vaksne og ingen enkeltbillettar. Dermed kan det kjøpast minst 2 og maks 3 billettar i kvar transaksjon.
Dersom de er ein familie på fire eller fleire, må de utføre fleire billettkjøp. Med til dømes fire personar, må det gjerast to billettkjøp av to billettar.
 
Billettprisar: 

Familiepris 250 kr per person. Minst 2 og maks 3 billettar per kjøp, av dei maks to vaksne. 

Samarbeidspartnar 225 kr. DNB, Statnett, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta og Norsk bibliotekforening. Må oppgje tilsendt kode frå samarbeidspartnar. Minst 2 og maks 3 billettar per kjøp, av dei maks to vaksne. 

Coop-billett 220 kr. Må oppgje tilsendt kode frå Coop. Minst 2 og maks 3 billettar per kjøp, av dei maks to vaksne. 

Scenekort 220 kr. Minst 2 og maks 3 billettar per kjøp, av dei maks to vaksne. 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Stad bibliotek Nordfjordeid tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.