Foredrag med Marco Elsafadi 9. des

Foredrag med Marco Elsafadi

Måndag 9. desember kl 19.30

Nordfjord Opplæringskontor har fått tak i sjølvaste Marco Elsafadi, sjølvutnemnd relasjonshøvding og ein særs populær føredragshaldar. Han kjem til Operahuset Nordfjord for å inspirere superinstruktørar, lærlingar og tilsette i medlemsbedriftene til opplæringskontoret. Superinstruktørane får ei heilt eiga, eksklusiv samling med Marco Elsafadi i forkant. Påmelding for superinstruktørar, lærlingar og tilsette i medlemsbedriftene blir gjort direkte til direkte til Nordfjord opplæringskontor her: https://www.noropp.no/2019/09/17/superinstruktor2-0/

 

Alle andre er velkomne til å kjøpe billett til foredraget i operasalen kl 19.30. Nordfjord opplæringskontor ønskjer at så mange som mogleg skal få sjansen til å oppleve Marco Elsafadi.

 

Foredraget er spesielt retta mot alle som har med ungdom å gjere. Elsafadi skal ta føre seg to svært dagsaktuelle tema: «Ungdommens verkelegheit» og «Relasjonen si kraft».

 

Ungdommens verkelegheit: Korleis ta ta ansvar for seg sjølv og dei rundt seg. Ungdomskulturen endrar seg stadig og iblant er det vanskeleg for ungdommane sjølve å forstå kulturen fullt ut. Å vere ungdom er krevjande og ein kan vere spesielt sårbar i ungdomstida. Det viktigaste er å lære korleis ein tek ansvar for seg sjølv og dei rundt seg.

 

Relasjonen si kraft: Ein relasjon er den energien som oppstår når individ møtast. Kvar dag blir du påvirka av andre sitt humør, både på godt og vondt. Kor bevisst er du på korleis du påverkar menneska rundt deg? Du er avhengig av gode relasjoner for å fungere optimalt, og andre er avhengige av deg.

 

Marco Elsafadi er palestinsk flyktning og kom til Noreg med familien i 1987. Han er basketballspelar på toppnivå, og er mellom anna kjent for å ha vunne «Mesterens mester» i 2004. Elsafadi har hatt eit livslangt engasjement for barn og unge, og har mellom anna jobba med vanskelegstilt ungdom, rusproblematikk, skuleskulk, fritidsproblem og vald. Han er særs opptatt av relasjonen som oppstår i møte mellom menneske. Marco er rett og slett eit fyrverkeri alle burde få oppleve.

 

Nordfjord Opplæringskontor ønskjer alle velkomne til ein strålande kveld!

 

Foredraget startar kl 19.30 og varer i om lag 1,5 time, ikkje pause.

 

Billettpris 200 kr inkl. avg.

 

Rullestol, følgjekort? Kontakt post@operahuset.no.

 

Superinstruktørar, lærlingar og tilsette i medlemsbedriftene får oppleve foredraget gratis, ved å melde seg på direkte til Nordfjord opplæringskontor her: https://www.noropp.no/2019/09/17/superinstruktor2-0/

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
må 09 des 19:30 Foredrag med Marco Elsafadi 200 Kjøp