Mannen frå La Mancha
Mannen frå La Mancha
Kjøp billett
30 sep
Kjøp billett
01 okt
Kjøp billett
03 okt
Kjøp billett
04 okt
Kjøp billett
06 okt
Kjøp billett
07 okt
Kjøp billett
09 okt
Kjøp billett
10 okt

Originaltittel: Man of La Mancha
Forfattar: Dale Wasserman
Musikk: Mitch Leigh
Tekst: Joe Darion
Regissør originalproduksjonen: Albert Marie
Nynorsk omsetjing: Hartvig Kiran

Mannen frå La Mancha, Opera Nordfjord

30. september - 10. oktober 

Vi er svært glade for at Opera Nordfjord har bestemt seg for å gjennomføre produksjonen, og er godt i gang med arbeidet som krevst for å skape ei trygg oppleving for publikum og medverkande. Ekstra avstand mellom publikum er eitt tiltak. Dei som har kjøpt billettar, er kontakta av oss slik at vi får nødvendig informasjon for å endre plassering i salen.

 

Andre som ikkje har kjøpt billettar, må vente litt til vi får tilpassa billettsystemet til gjeldande smittevernskrav. Billettsalet er difor midlertidig stoppa. 

 

Mannen frå La Mancha (The Man of La Mancha) er ein musikal frå 1965 av Dale Wasserman, med tekst av Joe Darion, musikk av Mitch Leigh og nynorsk omsetting ved Hartvig Kiran. Den er basert på Wasserman sitt TV-teater I, Don Quixote, som igjen var inspirert av Miguel de Cervantes og hans roman Don Quixote frå 1700-talet. Den fortel historia om den galne riddaren Don Quixote, som eit spel i spelet, framført av Cervantes og hans medfangar, medan han ventar på ei høyring under Den spanske inkvisisjonen.


Den originale 1965 Broadway-produksjonen vart framført 2328 gongar og vann fem Tony Awards, inklusive Best Musical. Musikalen er ein av dei kjæraste og mest populære innan musikkteater-sjangeren. Den vakre songen The Impossible Dream er den mest kjende frå musikalen.


Den gamle mannen Miguel de Cervantes, ein totalfiasko i sine karrierer både som skodespelforfattar, diktar og skatteoppkrevjar, ventar i fengsel på sin rettargong for eit lovbrot mot Kyrkja. Hans medfangar trugar med å konfiskere hans få, men kjære eigedelar, mellom anna det uferdige manuskriptet til romanen "Don Quixote". For å redde det foreslår han å forsvare seg ved å underhalde dei, og Cervantes og hans trufaste tenar forvandlar seg til Don Quixote og Sancho Panza. Dei rir på hestar, dansar flamenco og kjempar for vakre kvinner og engasjerer medfangane til å spele forskjellige roller.

 

Handlinga i romanen går føre seg på ei vegkro, der den fagre heltinna er servitrisa Aldonza. Kroverten tildelar Don Quixote hans riddarskap. I ein kamp med sin mørke fiende Enchanter bukkar han under og vert tvinga til å innsjå at han er ein ynkeleg klovn.
Historia om Don Quixote har gripe medfangane så djupt at dei returnerer manuskriptet til Cervantes og følgjer han på veg til inkvisisjonen.

 

Framsyninga varer i om lag tre timar inkl. pause. 

 

Billettprisar inkl. avg.:
Ordinær 495 kr

Student/ungdom 375 kr

Barn 275 kr

Operaens venner 445 kr (maks 1 billett per medlem, bruk utsendt kode)

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no