Måløy songlag 23. november

Konsert med Måløy Songlag

Laurdag 23. november kl 18.00

Måløy Songlag er eit blandakor som liker å variere repertoaret og ta nye musikalske utfordringar! I mai arrangerte vi songarstemne for 400 songarar i Måløy.


Vi har samarbeidd med Line Dybedal fleire gonger, ho arrangerte til oss ein av sine songar, Vinterkveld. Line blei også bedt om å lage ein song til oss og til vårt distrikt. Resultatet blei "På ei øy," og Line har sjølv gitt ut denne flotte songen i eit eiget arrangement. Vi har med oss Line med band denne kvelden!

 

Konserten vil innehalde variert og fengande musikk. Blant anna har vi fleire songar av Toto som vi jobbar med. I koret har vi også dyktige solistar!

 

Vi kan vel seie at dirigenten vår, Sølvi Myklebust frå Vanylven, har gitt oss ei ny utfordring når vi no inviterer til konsert i operahuset! Vi gler oss veldig og håpar du også kjem!

 

Konserten varer i om lag 1,5 time (ikkje pause) 

 

Billettprisar inkl. avg.: 
Ordinær 280 kr
Barn under 12 år 130 kr 

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement. Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 23 nov 18:00 Konsert Måløy Songlag 280 Kjøp