Musikalen
Musikalen
Kjøp billett
27 feb
Kjøp billett
28 feb
Kjøp billett
29 feb

LITTLE WOMEN

The Broadway Musical

 

Book by Allan Knee

Music by Jason Howland

Lyrics by Mindi Dickstein

 

Based on the novel by Louisa May Alcott

 

This amateur production is presented by arrangement with Music Theatre International (Europe). All authorised performance materials are also supplied by MTI Europe www.mtishows.co.uk

Musikalen LITTLE WOMEN

Torsdag 27. februar kl 19.00
Fredag 28. februar kl 19.00
Laurdag 29. februar kl 15.00

Årets skulemusikal ved Eid vidaregåande skule, er «Little women»! Broadway-musikalen er basert på romanklassikaren med same namn ("Småfrøkner" på norsk) frå 1869 av Louise May Alcott. Han handlar om dei fire søstrene Jo (Sunniva Flaten Brekke), Meg (Marie Jakobsen Lillestøl), Beth (Ingeborg Nord Holmgren) og Amy (Hanna Stautland Taklo) som bur saman med mor si (Ingeborg Myklebust) i Massachusetts, medan far deira kjempar i borgarkrigen.


Jo ynskjer å bli forfattar, men finn det vanskeleg å bli publisert sidan ho er kvinne. Ho avslår også eit frieri frå den unge Laurie (Peder Lillestøl Naustdal) og vil heller ikkje la seg «omdanne» til finfrøken av si rike tante March (Susanne Rønnekleiv). Meg, derimot, er ein romantikar og seier, ja til frieriet frå den litt eldre Mr. John Brooke (Andreas Abildsnes).

 

Andre større roller er Prof. Bhaer (Iver Flyum Bjørlo), Mr. Laurence (Jardar Solheim Bjørke) og Mrs. Kirk (Ida Jansen Bredesen). I tillegg er det 24 dyktige elevar med i kor, dans og andre roller.


Dette morosame stykket handlar vidare om livet til dei fire søstrene med opp- og nedturar, glede og sorg, sydd saman av nydeleg musikk, skrive av Jason Howland. Tekstane er skrive av Mindi Dickstein og manuskriptet er skrive av Allan Knee. Stykket vart sett opp på Broadway i 2005. Ein har tidlegare også kunne sett klassikaren både som TV-serie og film, og etter nyttår er den populære historia om dei fire søstrene igjen klar for filmlerretet.


Regissør for vår produksjon er Michael Pavelich, koreograf er Candice Bredesen og faglærarar er Toril Hembre Runderheim og Gislaug Heinum.

 

Dette er ein amatørproduksjon presentert via Music Theatre International (Europe). Alt materiale er også leigd av MTI Europe.

 

Musikalen varer i om lag 2,5 time inkludert pause. 


Billettprisar: 
Ordinær 350 kr
Barn 150 kr

Ungdom/student 150 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.


Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.