Korona-informasjon
Korona-informasjon

Korona-informasjon

Kulturarrangement 

Helsedirektoratet har lagt ned forbod mot gjennomføring av alle typar kulturarrangement. Dei komande arrangementa i Operahuset Nordfjord er anten flytta, utsett eller avlyst: 

 

Barnefestivalen 14. mars - avlyst

Trygve Skaug 15. mars -  flytta til søndag 6. september kl 19.00

Nordic Tenors 19. mars - flytta til søndag 30. august kl 19.00

Skulemusikalen SKJULT 26. og 27. mars - førebels flytta til 16. o 17. juni

Svelekameratane i Gymmen 28. mars - utsett på ubestemt tid

Helgesenkoret 18. april - avlyst, blir forhåpentlegvis arrangert neste år

SAGAS med Opera Nordfjord 24. april - flytta til 16. april 2021 

Vaffelhjarte 5. mai - avlyst

Pianokonserten med Greg Niemczuk 7. mai - flytta til 29. april 2021

 

Lenger fram i tid, går arrangement førebels som planlagt. Vi informerer etterkvart. 

 

Billettar til flytta arrangement, blir også flytta og gjeldande på ny dato. På avlyste arrangement blir som regel billettane refunderte. Dei som har kjøpt billettar på nett/app, får tilsendt e-post med informasjon. Dei som har kjøpt billettar på biblioteket, kan kontakte oss på post@operahuset.no

  

 

Kino 

Kinovisningar er innstilte på ubestemt tid. Alle som har kjøpt billettar til avlyste visningar er kontakta på e-post av Stad kino. 

 

 

Bibliotek 

Biblioteket i Operahuset Nordfjord er stengt. 

 

Takeaway! Vi vil likevel gjere det mogeleg for deg å låne bøker til påske. Du bestiller, og vi finn bøkene i hylla og heng posen din med bøker på stativ utanfor inngangen til operahuset. Det står namnet ditt på posen. Du kan hente måndagar og fredagar kl 12.00-14.00. Bestill helst i god tid.
Du kan bestille på nettsida vår her, på e-post: biblioteket.eid@stad.kommune.no eller på telefon 91858980. 
Biblioteket tek ikkje imot bøker du har lånt, og du får ikkje purring på bøker som er forfalt. Bøkene beheld du inntil vidare.
Det er ikkje mogeleg å fjernlåne bøker i denne perioden sidan fjernlånet mellom biblioteka er stengt. Du kan kun bestille bøker vi har på hylla i dag. 

Tiltaket er sett i gang i samråd med kommuneoverlege. Vi handterer bøkene med eingongshanskar som vert kasta etter bruk.
Ordninga føreset at vi ikkje får ein situasjon der vi ikkje kan bemanne tenesta

 

Innlevering: Inntil vidare er det ikkje mogeleg å levere bøker til biblioteket.

Purringar: Meldingssystemet skal no vere slått av og ingen skal heretter få melding om forfall. Dersom nokon har fått meldingar kan dei sjå bort frå desse. Det vil ikkje bli sendt ut purringar som gjeld forfall i den perioden biblioteket er stengt.

Bestillingar/fjernlån: Du vil ikkje få hente bøker som er bestilt/reservert. Bestillingssystemet vil truleg verte stengt. All transport mellom biblioteka er innstilt

Som lånarar kan de altså behalde det de har lånt inntil vidare

Vi oppmodar dykk også om å bruke våre digitale tenester Bookbites for lån av bøker og lydbøker, og Filmbib for kortfilm

 

 

For meir info, sjå Stad kommune sine heimesider