Killer Queen

Killer Queen

Fredag 7. februar kl 19.00

Få ledige billettar! Berre enkeltbillett(ar) igjen, som må kjøpast ein og ein om gongen.

 

God nyheit til alle Queen-fans! Engelske Killer Queen kjem til Nordfjord! Dei har turnert i hele verda og er tidlegare kåra til verdas beste tribute-band. Høyr den fantastiske musikken - opplev eit storslagent show med Killer Queen og Patrick Myers som Freddie Mercury.

 

Killer Queen med Patrick Myers i rolla som Freddie Mercury er det berre å glede seg til. Ein kveld spekka med Queen sine klassiske hits i denne tribute-framsyninga som er det næraste du kan kome eit live Queen-show. Med autentiske instrument, same scenografi og lys, ingen kor eller blåsarar, berre rett og slett Queen slik det var i ”gode gamle dagar”...

 

Queen er eit av verdas største rockeband – nokon sinne. Sjølv om Queen sin karismatiske vokalist Freddie Mercury døydde i 1991, så lever musikken deira fortsatt i høgste grad. Kven kjenner ikkje hits som: We are the Champions, Bicycle Race, Bohemian Rhapsody, We Will Rock You og Crazy Little Thing Called Love?

 

Killer Queen har turnert i heile verda og er utnemnt til Worldwide Tribute Band of the Year. 

 

Arrangør: Fjordane Musikkforum

 

Klikk her for Facebook-arrangement

 

www.killerqueenonline.com

 

Nordfjord Hotell tilbyr konsertpakke - klikk her!

 

Arrangementet byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1 t 40 min.

 

Billettpris inkl. avg: 540 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

  

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 07 feb 19:00 Killer Queen Kjøp