Karius og Baktus 27. november
Karius og Baktus 27. november

Karius og Baktus // Riksteatret

Tysdag 27. november kl 18.00

Ikkje gjer som mora di seier! :) Gjer deg klar for besøk av to energiske små karar som tar innersvingen på både liten og stor.

 

Riksteatret viser den ”originale” Karius og Baktus - tru mot Thorbjørn Egner si historie og garantert godt barneteater. Thorbjørn Egner sin barneklassikar er ein del av vår moderne kulturarv, og historia om dei to rampete tanntrolla lever i beste velgåande. Forteljinga dukka opp i 1946, til fryd for mange, og til skrekk og åtvaring for dei som slurva med tannpussen.

 

Skremselspropaganda eller ei, Karius og Baktus har i over 70 år vist at den har livets rett, ikkje minst takka vere Thorbjørn Egner sine rike bokillustrasjonar, NRK-høyrespel og s velkjente dukkefilm.

  

"En forestilling hvor alle de yngste får gjenkjennelsen, og vi voksne underholdes" VG (terningkast 5)

 

Gap opp! :) 

 

På scena: Christine Stoesen, Linda Tørklep og Jan Huse. Regissør: Arne Lindtner Næss. Scenograf: Einar Dahl. Dukkedesigner: Christine Stoesen. Komponist: Christian Hartmann. Produsent: Emnet Kebreab. Produsert av Riksteatret. Forlag: Songbird

 

Framsyninga passar for barn frå 3 år og varer i om lag 35 minutt (ingen pause). 

 

Billettprisar:

Ordinær 240 kr (barn, vaksen, pensjonist, student)

Familiepris (grupperabatt for 4 eller fleire) 195 kr

Samarbeidspartnarar 195 kr. Må oppgje kode frå Bokklubben, Utdanningsforbundet, ARK, Teatervenner Norge, DNB-tilsette. Maks 4 bill. 

Coop-medlem 190 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill. 

BOB-medlemmer 195 kr. Maks 4 bill.

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
ty 27 nov 18:00 Karius og Baktus 240 Kjøp