Julesong med Olav Stedje 10. des

Julesong med Olav Stedje

Torsdag 10. desember kl 18.00

Julekonsert i Operahuset Nordfjord med Olav Stedje, Einar Bolstad, Kari Malmanger og Gunn Marit Kvåle!

I år er songarane i Julesong tilbake med saman med erfarne musikarar som Inge Ronny Kvåle (strengeinstrument), Bjørn Tore Årøy (tangentar), Gjest Ingeson Kvåle (gitar), John Børge Askeland (bass), og Trond Øyre (lyd- og lysdesign).

Konsertane som garanterer julestemning og gåsehud er sett saman av songar som høver til advents- og førjulstida.

Kremlaget som dannar "Julesong 2020" vil dei fleste kjenna att frå konsertane i åra før, og frå tidlegare julekonsertar og andre framsyningar i Sogn og Fjordane dei siste åra. Og ikkje minst TV-programmet “ NRK Julelutt” som vart vist på NRK1 på julaftan 2014.

Olav stiller mellom anna med melodiar frå sitt julealbum “Stille Natt” som kom ut i 1983. Kari vil mellom anna bidra med tradisjonsstoff frå folkemusikk og salmar, medan Einar og Gunn Marit syng fleire av dei mest kjende julesongane, og andre sangar som høver i førjulstida.

Set av kvelden slik at du kjem i julestemning du òg.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Konserten varer i om lag 1 t 15 min, ikkje pause.

 

Billettpris 385 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Stad bibliotek Nordfjordeid tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 10 des 18:00 Julesong med Olav Stedje 385 Kjøp