Jostedalsrypa - ein popmusikal
Jostedalsrypa - ein popmusikal

Jostedalsrypa - ein popmusikal 

Laurdag 16. november kl 19.00

Av Maria Tryti Vennerød. Jostedalsrypa er Norges svar på Jungelboka, med ei tøff jente i spissen.

 

I Sogn og Fjordane er vi godt kjende med segna om Jostedalsrypa. Jenta overlever Svartedauden som tar livet av meir enn annankvar nordmann midt på 1300-talet. Heilt åleine må ho klare seg gjennom vinteren, og innan ho blir funnen neste vår, er ho blitt skjerr som eit vilt dyr. Korleis overlever ho? Og kvar tar ho motet ifrå?

 

Familiemusikalen er inspirert av segna, men tar oss med vidare inn i ei eventyrleg og magisk musikalsk verd. Den heltemodige jenta, Rypa, ber forteljinga på dei spinkle skuldrene sine, og det heile er pakka inn i melodiøse poplåtar som publikum garantert kjem til å nynne på når det går ut døra.

 

Bak står to av dei ypparste samtidskunstnarane vi har: dramatikar Maria Tryti Vennerød og komponist Julian Skar. Torkil Sandsund har regien og set sin umiskjennelege signatur på framsyninga.

 

Musikalen handlar om korleis ei jente finn motet og kreftene til å overleve utan andre menneske gjennom ein lang og kald vinter. I den mørkaste timen, når ho trur at ho er heilt åleine, viser det seg at ho har vener som ho ikkje visste om.

 

Med: Reidun Melvær Berge, Kyrre Eikås Ottersen, Idun Losnegård, Oda Kirkebø Nyfløtt m.fl.

Av: Maria Tryti Vennerød
Komponist: Julian Skar
Regissør: Torkil Sandsund
Kostymedesignar og scenograf: Dordi Strøm
Lysdesignar: Krystian Myska
Foto: David Zadig

 

Framsyninga varer i om lag 1,5 time (ikkje pause). 

 

Billettprisar inkl. avg.:

Tilbodspris ut året 225 kr

Vaksen 355 kr

Student/barn 135 kr

Honnør 295 kr

Gruppe 5+ 295 kr

Teaterlauget 275 kr

BOB-medlem 295 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 16 nov 19:00 Jostedalsrypa - ein popmusikal 355/135 Kjøp