Høna, egget og reven 2021

Riksteatret: Høna, egget og reven 

Søndag 12. september 2021 kl 17.00

Det er ikkje så artig å vere Høna når Egget hennar plutseleg blir vekke. Særleg ikkje når ho finn ein rev i reiret der Egget låg.

 

Riksteatret byr på en nyklekka teaterframsyning for dei minste. Her møter du Høna, ei søt, sjølvopptatt og smånervøs eggemor. Og Reven, ein smart og sosial type. Saman legg dei av garde på jakt etter det bortkomne Egget. Det blir ei spennande og verdsomspennande reise. Undervegs møter dei mange forunderlege eggspertar: ei struttande og streng strutsemor, ein pertentleg og plettfri pingvinfar, ein hær hovudlause lus og ei kappande, kuttande krokodille-kokke. Høna prøveruger mange egg, men ingen av dei følest heilt riktig.

 

Høna, egget og reven er ei morosam framsyning om vennskap, tilhøyre og motgang, og om barn som blir annleis enn foreldra hadde forventa. Ein hyllest til det uperfekte livet!

 

For barn frå 4 år og alle vaksne.

 

På scena: Henrik Bjelland, Eirin Schou Fævelen, Ragnhild Gravem og Hans Norman Røine

 

Regissør Gunnar Eiriksson, kostymedesignar og scenograf Kathrine Tolo, scenograf og videodesignar Torbjørn Ljunggren, scenograf og lysdesignar Elisabeth Kjeldahl Nilsson, produsent Wenche Viktorsdatter Paulsen og dramatikar Nelly Winterhalder. 

 

Av Nelly Winterhalder. Produsert av Riksteatret. 

 

Framsyninga varer i ein time, ikkje pause

 

Billettprisar:

Ordinær (barn, vaksen, pensjonist, student) 225 kr

Familiepris (gruppe 4 eller fleire) 185 kr 

Samarbeidspartnarar 185 kr. Må oppgje kode frå DNB, Statnett, TINE, ARK, Bokklubben, Teatervenner Norge, Kulturforbundet i Delta eller Norsk bibliotekforening. Maks 4 bill.

Coop-medlem 175 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill.

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Stad bibliotek Nordfjordeid tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 12 sep 17:00 Høna, egget og reven 2021 - Riksteatret 225 Kjøp