Hellbillies 15. februar
Hellbillies 15. februar

Hellbillies - 30 år på vegen

Torsdag 15. februar kl 19.00

Hellbillies må kunne kallast ein institusjon i norsk kulturliv, og i 2020 vil bandet markere sine første 30 år med ein stor jubileumsturné.

I løpet av vinteren, våren og hausten besøker dei alle dei største kulturhusa i landet. Tanken med denne spesielle konsertturnéen er å kunne møte sitt trufaste publikum, for saman å sjå tilbake på dei 30 åra som har gått, og kanskje også kaste eit lite blikk framover ved å presentere noko nytt materiale.

 

I løpet av sine 30 år på vegen har Hellbillies vore ein stødig leverandør av perler til den norske songskatten, samtidig som dei har opparbeidd seg status som eitt av vår tids mest vitale rockeband.

 

Denne konserten er for eit sitjande og lyttande publikum, og vil ha éi akustisk og éi elektrisk avdeling. Hellbillies gler seg veldig til å møte publikummet sitt på denne måten. 

 

Klikk her for Facebook-arrangement

 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1,5 time. 

 

Billettpris 575 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 15 feb 19:00 Hellbillies 575 Kjøp