Helgesenkoret 18. april - avlyst
Helgesenkoret 18. april - avlyst

Helgesenkoret: Sankta Sunniva si reise - AVLYST

Laurdag 18. april kl 19.00

Helgesenkoret bestemte 12. mars seg for å avlyse denne konserten. «Vi må dessverre avlyse konserten 18. april med hensyn til corona si uheldige utvikling i Noreg. Vi vil sette opp ny konsert når vi ser at tidene tillet det.»

 

Alle vil få refundert billettane sine, men vi ber om forståing for at det kan ta ei stund.

 

De som har kjøpt billettar på nett/app, har fått e-post frå oss og treng ikkje gjere noko. Pengane blir etterkvart tilbakeførte frå ebillett til kontoen som var belasta i utgangspunktet. Betalte du billettane heilt eller delvis med gåvekort, vil den aktuelle summen bli tilbakeført gåvekortet. Viss du ikkje lenger har gåvekortet, kontakt post@ebillett.no

  
De som har kjøpt billett(ar) på biblioteket, kontakt oss på post@operahuset.no

 

Frå gregoriansk munkesong til pop, og saman med skodespelar Idun Losnegård, fortel Helgesenkoret den vakre og dramatiske historia om den irske kongsdottera Sunniva som flykta over havet og døydde som martyr på Selja.


Dette vert tredje oppsetjing av konserten som har hausta strålande tilbakemeldingar.

 

Handlinga rører ved tema som likestilling, religionsfridom, båtflyktningar, vilje og mot, og den over tusen år gamle sagaen om Sankta Sunniva.

 

Med på scena vert det fabelaktige bandet med Olga Pavlova (fiolin), Jon Inge Sigerland (piano), Sondre Veland (trommer) og Johannes Aagaard (gitar). Dei fleste songane er arrangerte av Line Dybedal, og blant mange musikalske overraskingar kjem også ein eigenkomponert Sunnivasong skriven av Maria og Hans Helgesen.

 

Velkomen til ei vakker, sår og sterk oppleving!

 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1,5 time, ikkje pause. 

 

Billettprisar inkl. avg.: 

Vaksne 350 kr

Born 75 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.


Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.