Halvdan Sivertsen 71 år - 2021

Halvdan Sivertsen 71 år - neste år!

Torsdag 4. november 2021 kl 19.00

Konserten 30. oktober er avlyst. Ny dato 4. november 2021!

Kjøpte billettar er flytta og gyldige på ny dato. Billettkjøparane har fått informasjon på e-post. Kontakt post@operahuset.no ved spørsmål. 

 

Ein hyllest til livet, kjærleiken og saftig nordnorsk humor!

 

Halvdan Sivertsen starta 2020 med å fylle 70 år! Dette blei feira med brask og bram i Oslo Spektrum med 7000 publikummarar, KORK og eit utval av Norges fremste artistar. Halvdan skulle fortsetje jubileumsåret med bursdagskonsertar hausten 2020, men slik gjekk det, som vi alle veit, ikkje.

 

Jubileumsturneen blir difor sett opp på nytt i 2021, der vi feirar Halvdan Sivertsen sin 71-årsdag og hans mangfaldige karriere, med same entusiasme som vi var klare for i 2020!

 

Karrieren til Halvdan spenner over meir enn 50 år, frå den spede starten i pop- og rockmiljøet i Bodø på 60-talet, via visebølgja på 70-talet, til å bli ein av dei mest populære artistane i landet dei siste 30 åra.

 

I tillegg til å gje ut ei rekkje prisløna album og vere ein fjerdedel av tidenes største norske supergruppe, Gitarkameratene, har musikken til Halvdan blitt brukt i både film og teater. Dessutan vil Halvdan, for ein hel generasjon nordmenn, alltid bli huska som «faren» til Labbetuss.

 

Halvdan Sivertsen er ein varm og morosam person, og etter eit halvt århundre som artist, har han framleis mykje på hjartet. Han er opptatt av den stakkars kloden vår, og brenn framleis for kjærleiken, vennskap og dei som treng oss.

 

Vi garanterer en kveld med hits og klassiske låtar, med kort vei mellom ellevill gapskratt og det djupaste alvor. Med skråblikk på oss sjølv, samfunnet rundt oss og tida vi lever i, og med de mjuke balladane og dei fengande refrenga ein Halvdan Sivertsen-konsert alltid byr på.

 

Ver med å feire ein ekte heidersmann!

 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1,5 time, ikkje pause

 

Billettpris 545 kr inkl. avg. 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Stad bibliotek Nordfjordeid tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 04 nov 19:00 Halvdan Sivertsen 71 år - 2021 545 Kjøp