Gymmen Americanafestival 2019
Gymmen Americanafestival 2019

Gymmen Americanafestival 2019

Laurdag 9. mars kl 19.00

Gymmen Scene & Studio and Americanafriends arrangerer festivalen, billettar kjøper du her

 

Det er klart for den andre Americanafestival i Gymmen! Også i år vil du kunne høyre fengande musikk med element frå folk, country, bluegrass og blues. På scena står artistar med både lokal og nasjonal forankring. Mellom anna kan ein oppleve elevar frå kulturskulen i Eid, ulike soloinnslag og lokale band som vil formidle musikk med røter i den amerikanske folkemusikken.

 

Til å headline kvelden har vi fått med oss fantastiske Amund Maarud & Lucky Lips. Dette er eit av dei mest spennande americanainnslaga i Noreg akkurat no. Amund Maarud er ute med sitt sjette soloalbum «Perfect Stranger». Det er eit strålande album med mykje akustiske instrument og ein sjangermessig dreining mot americana og roots i større grad enn tidlegare.


Når Amund er ein av dei råaste gitaristane i landet, Lucky Lips er det perfekte country/bluegrassbandet og dei ilag har laga ei steinbra nytt americanaplate som dei turnerer med - så er det enkelt: Dei må spele på Gymmen Americanafestival 2019!

Americanafestivalen i Gymmen vil passe for både musikkinteresserte og nysgjerrige publikummarar som vil oppleve kvalitetsmusikk ei triveleg atmosfære i staselige og koselege Gymmen.

 

Billettpris 250 kr

 

18 års aldersgrense. Er du i i alderen 15-18 kan du få adgang dersom du er i følgje med i verje som må være fylt 23. Verje kan ikkje ha ansvar for fleire enn 2 under 18 år. Verjeskjema må fyllast ut og takast med til konserten. Les meir og last ned skjema her.

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 09 mar 19:00 Gymmen Americanafestival 2019 Les meir