Georgs magiske medisin 11. februar
Georgs magiske medisin 11. februar

Georgs magiske medisin av Roald Dahl // Riksteatret

Måndag 11. februar kl 18.00

Passe rampete teater for hele familien. Også for bestemødre, hvis dei tør!

 

Bestemora til Georg er ikkje som andre søte og snille bestemødre. Ho er nifs og syt og klagar og knurrar og bråkar og blandar seg opp i alt mogleg. Georg vil gje ho ein lærepenge. Så når ho skal få medisinen sin, lagar han ein boblande, frådande, magisk medisin, som garantert vil sende ho gjennom taket …

 

Roald Dahl er ein forfattar i særklasse og har skapt ei verd av uuttømeleg fantasi. Han var alltid på barna si side, og let aldri ein sjanse gå frå seg til å sparke dei som sparkast bør, dei maktsjuke, arrogante, autoritære og dømmande. Vaksne, sjølvsagt.

 

Men først og fremst får han oss til å le. Og grøsse. Og bli litt skremde (i alle fall ei lita stund inntil alt blir bra igjen). Og så ler vi endå meir. Hans utrulege historier har gjeve stoff til internasjonale storfilmar så vel som fargerike musikalar og fengande barneframsyningar.

 

Når Riksteatret tar Georgs magiske medisin til scena, engasjerer dei regissør og dramatikar Morten Joachim, som òg sette opp Doktor Proktors prompepulver. Han lovar ei framsyning med mykje musikk og magi, som involverer barna og tar ungane sin fantasi på alvor. Med Georgs magiske medisin skal han setje alt på hovudet og slå seg laus på barna sine vegne – heilt og fullt i Roald Dahl si ånd.

 

På scena: Ellen Andreassen, Ulla Marie Broch, Espen Mauno, Kristian Winther og Andreas Bratlie.

Dramatikar og regissør: Morten Joachim. Kostymedesigner og scenograf: Gjermund Andresen. Lysdesigner: Øystein Heitmann. Komponist: Gunnar Eiriksson. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater og Haugesund Teater


Framsyninga passar for barn frå 5 år og varer i om lag to timar inkl. pause. 

 

Billettprisar:

Ordinær 250 kr (barn, vaksen, pensjonist, student)

Familiepris (grupperabatt for 4 eller fleire) 205 kr

Samarbeidspartnarar 205 kr. Må oppgje kode frå Bokklubben, Utdanningsforbundet, ARK, Teatervenner Norge, DNB-tilsette. Maks 4 bill. 

Coop-medlem 200 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill. 

BOB-medlemmer 205 kr. Maks 4 bill.

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
må 11 feb 18:00 Georgs magiske medisin 250 Kjøp