Fuglane 24. mars
Fuglane 24. mars

Fuglane // Riksteatret

Søndag 24. mars kl 18.00

Den som har møtt Mattis, gløymer han ikkje. No skal ein ny generasjon få møte han. Forteljinga om Mattis har fengsla stadig nye generasjonar like sidan Vesaas-romanen først kom. Han er så lett å bli glad i – Tusten, som han kallast i bygda. Vi dreg kjensel på han, både hos andre og i oss sjølv. Og likevel er det nettopp det at han er så annleis, så heilt seg sjølv, som gjer at han treffer oss så sterkt – uansett kvar vi sjølv er i livet.

 

Mattis og storesystera Hege bur åleine og i svært enkle kår. Hege strikkar for å skaffe til livets opphald, men når Mattis tek seg ein jobb, går arbeidet gjerne i stå for han. Han lever mest i si eiga verd. Ein dag oppdagar han rugda som trekkjer over hustaket. Han kjem til å tenkje på seg sjølv som ein slik underleg fugl, og tolkar dette som eit teikn på at noko skal skje. Ikkje lenge etter slår lynet ned i eitt av dei høge trea utanfor huset. Det ser han òg som eit varsel – dei tretoppane har han kalla Mattis-og-Hege. Og når tømmerhoggaren Jørgen dukkar opp og får husrom hos dei, og Hege og Jørgen etter kvart blir kjærastar, føler Mattis at heile livet er blitt endra. Kva skal han gjere? Mattis kan ikkje tåle eit liv utan Hege.

 

Fuglane er dramatisert og filmatisert ei rekkje gonger, både i Norge og utlandet. Denne gongen blir Vesaas sitt meisterverk presentert av Riksteatret i ein heilt ny versjon. Den er laga av Lasse Kolsrud, som også har regien. Han har dei siste åra hatt ansvaret for eit heilt knippe suksessar på Riksteatret, frå Bikubesong og Førstereis til Kan nokon gripe inn. Han vil gje historia si unike blanding av robust forteljarglede og sorgmuntert alvor.

 

Riksteatret skal fortelje historier som sameinar eit publikum over heile landet – historier som gjev oss tilhøyre til kulturen vi lever i, som gjer vår felles livsoppleving gjenkjenneleg, levande og nærverande. Og viktig. I norsk etterkrigslitteratur er Tarjei Vesaas sin roman Fuglane eit slikt felleseige.

 

Premiere i Oslo, Nydalen 17. januar 2019.
På scena: Lars Helge Throndsen, Ida Ursin-Holm, Tom Styve, Mads H. Jørgensen, Tore B Granås, Ingvild Holthe Bygdnes og Ane Ulimoen Øverli. 

Team: Regissør: Lasse Kolsrud. Scenograf: Milja Salovaara. Lysdesigner: Martin Myrvold. Komponist: Kjetil Schjander Luhr. Koreograf: Belinda Braza. Produsent: Emnet Kebreab

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Turneteatret i Trøndelag

 

Framsyninga byrjar kl 18.00, lengda er ikkje fastsett endå. 

 

Billettprisar:

Ordinær 415 kr

Student og barn 335 kr

Honnør 335 kr 

Samarbeidspartnarar 335 kr. Må oppgje kode frå Bokklubben, Utdanningsforbundet, ARK, Teatervenner Norge, DNB-tilsette. Maks 4 bill. 

Coop-medlem 315 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill. 

Gruppe på minst 10 pers 335 kr

BOB-medlemmer 335 kr. Maks 4 bill.

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 24 mar 18:00 Fuglane 415/335 Kjøp