Frida Ånnevik 30. oktober

Frida Ånnevik

Fredag 30. oktober kl 20.00

Billettsalet startar onsdag 2. september kl 09.00

 

Endeleg kjem Frida Ånnevik til Operahuset Nordfjord! Med seg har ho sine fantastiske musikarar Andreas Løwe på tangentar og Haldor Røyne på gitar, og saman snurrar dei deg inn i ei verd av sterk musikalsk nerve, personlege tolkingar, og nokre henimot dansbare beats!


I januar var Frida med i «Hver gang vi møtes» som blei sendt i beste sendetid på TV2 åtte laurdagar på rad. Der framførte og heidra Frida Ånnevik musikalske kollegaer som Odd Nordstoga, Aslag Haugen, Chris Holsten og Tuva Syvertsen med fleire. I år feirer også Frida sine første ti år som artist, tekstforfattar og låtskrivar.


I fjor ga Frida ut sitt femte album «Andre sanger». Albumet hausta eit lass med femmarar og fekk listeplass på NRK P3 og NRK P1.1. mai mottok ho sin fjerde Spellemannpris, for nettopp dette albumet. 

 

«Frida Ånnevik synger coverlåter, og oppnår målet med sånt: Å få det til å høres ut som et helt eget, personlig album» - Dagsavisen

 

Kanskje har du høyrt både «Tenkt meg om» (Astrid S) og «Henger sammen» (Alicia Keys) på radio i haust. «Andre sanger» er eit plateprosjekt som har blitt til over fleire år. Albumet inneheld ti songer som betyr mykje for Frida, der ho har gjendikta eit vidt spenn av artistar og låtskrivarar som Joni Mitchell, Spice Girls, Astrid S og Janis Ian. Med denne utgjevinga har Frida nok ein gong festa posisjonen sin som ein av dei beste tekstforfattarane i landet.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen to tome sete mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Billettsalet startar onsdag 2. september kl 09.00

 

Konserten byrjar kl 20.00 og varer i om lag 1,5 time, ikkje pause. 


Billettpris 395 kr inkl avg. 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Stad bibliotek Nordfjordeid tlf 918 58 980 eller billettskranken i operahuset på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 30 okt 20:00 Frida Ånnevik Kjøp