Foajekonsert fredag 26. april
Foajekonsert fredag 26. april

Foajékonsert med Mirjam Myklebust og Erlend Os

Fredag 26. april kl 20.00

Vi flyttar sjølvaste Fazioli-flygelet ut i foajeen, senkar belysninga og inviterer til intimkonsert med sopranen Mirjam Myklebust og pianisten Erlend Os! Dei kjem frå Frankrike og Førde heim til Eid for å feire tiårsjubileet til operahuset. 

 

Konsertprogram: 

Edvard Grieg: Til en - Til en2 - Solveigs sang
Blonde netter - Alf Hurum
Var det en drøm - Jean Sibelius
Flickan kom ifrån sin älsklings møte - Jean Sibelius
In quelle trine morbide, Manon Lescaut - Puccini
Air des bijoux, Faust - Charles Gounod
Plus grand dans son obscurité, Dronningen av Saba - Charles Gounod
D’amour l’ardente flamme - Hector Berlioz

 

Den lyriske sopranen Mirjam Myklebust er fødd og oppvaksa i Remmedalen, Stårheim i Nordfjord. Ho er utdanna musikar og songar ved konservatoriet i Avignon, Frankrike. Dei siste åra har ho jobba innan musikk og spesielt opera i Frankrike. Mirjam har òg eit rikt repertoar som konsertist innan mellom anna kyrkjemusikk. Dei siste tre åra har ho fått to barn og jobba med manuset til "Jakterinnen", ho har vore solist for Amadeus kor og symfoniorkesteret i Toulon og framført og turnert med mellom anna Carmina Burana, Stabat Mater, Requiem av Mozart, Messe i C-moll Mozart, ulike komposisjonar av Philippe Raymond Bailey (dirigent), men òg heilt ny musikk av Christophe Millois. Komande operasesong blir Mirjam Myklebust tilknytta Opera de Toulon, men har også engasjement i fleire opera- og konserthus og årlege festivalar i Frankrike. Mirjam har skrive manuset og musikken til ein heilt ny "one woman opera", “Diane Chasseresse” (Jakterinnen), der historia er lagt til Selje kloster, med tema kvinneleg dualitet, intuisjon og fridom.


Pianisten og organisten Erlend Os har vokse opp på Nordfjordeid og starta musikkarrieren på kulturskulen i Eid. Han har musikkutdanning frå Trondheim, Bergen og Reykjavik. Erlend har brei erfaring og kompetanse i mange musikalske sjangrar, og jobbar mykje med klassisk, pop og musikal. Han er musikklærar på Sunnfjord Folkehøgskule, og har vore musikalsk leiar for framsyningar som Hairspray, Fame, Grease og High School Musical. Erlend er dirigent for Førde Internasjonale Kor og keyboardist i “Mrs and the Pitifuls Rythm and Blues Band”. Dei siste åra har han vore musikalsk leiar for Elskhug og Eksis på Nordfjordeid.

 

Konserten er gratis og varer i om lag 45 minutt. Sal av forfriskingar. 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 26 apr 20:00 Foajekonsert med Mirjam og Erlend Les meir