Fargespel Nordfjord 5. - 7. april
Fargespel Nordfjord 5. - 7. april

Fargespel Nordfjord

Fredag 5. april kl 19.00
Laurdag 6. april kl 18.00
Søndag 7. april kl 14.00

Opera Nordfjord, Operahuset Nordfjord og alle Nordfjord-kommunane inviterer til eit uvanleg sceneshow, som også er ein sentral del av operahuset si tiårsfeiring. Fargespel Nordfjord - med nylaga, nynorsk logo for første gong - er etablert, og spente og motiverte medarbeidarar i heile Nordfjord er i full sving med å arbeide fram ei framsyning heilt utanom det vanlege.

 

Fargespill starta i Bergen i 2004 etter initiativ frå Ole Hamre og Sissel Saue, og 20. mai same år opna meir enn 60 barn og unge frå 20 ulike nasjoner Festspillene i Bergen. Dei fleste av aktørane var komne til Noreg som innvandrarar og flyktningar, og forestillinga baserte seg på song og dans dei hadde tatt med seg frå sine heimland.

 

Framsyninga fekk ei formidabel mottaking, og initiativtakarane såg at dette var eit prosjekt som hadde berekraft. Sidan 2004 har Fargespill utvikla seg til ei rekkje multietniske musikalske møte, der i dag omkring 80 barn og unge frå rundt 30 ulike nasjonar deltek. Kompaniet har fleire forestillingar i løpet av året. Barn og unge frå alle verdshjørne skaper musikalske møte som set spor, både hos dei som deltek og hos publikum. For Fargespill er langt meir enn ei forestilling. Fargespill er snarare ei overtyding om at vi menneske kan møtast som likeverdige, sjølv om vi kjem frå svært forskjellige kulturar. Slik representerer prosjektet også ein ambisiøs integreringsfilosofi: Fargespill er noko så sjeldan som ein varm, varm velkomst!

 

Michael Pavelich vert kunstnarisk og musikalsk leiar, og når sceneteppet går på premieren 5. april er også eit utvida operaorkester på plass på scena i Operahuset Nordfjord.

 

Vi kan garantere at lommetørkle er påkravd når Fargespel Nordfjord inntek operahuset og varmar hjarte og sinn!

 

 

Les meir om Fargespill!

 

Framsyningane varer i om lag halvannan til to timar, ikkje pause. 

 

Billettprisar (inkl avg): 

Ordinær 350 kr

Barn, ungdom og student 175 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.