Eggum & Sivertsen 16. februar
Eggum & Sivertsen 16. februar

Eggum & Sivertsen: VI TO (er ikke Romeo og Julius)

Laurdag 16. februar kl 19.00

Billettsalet startar 1. november kl 10.00

 

Ryktet fortel at Eggum og Sivertsen har lagt nye planar, og tatt nokre nye (gitar)grep.


Sist dei reiste på turné var det med stor suksess og fullsette salar over heile landet, og no har altså dei to gitarkameratane funne saman igjen, og er klare med både nye og gamle songar.

 

Med kjende og ukjende gullfunn i kvarandre sine skattekister, med varme og store dosar humor, byr dei to på sine heilt spesielle skråblikk på verda og på kvarandre - med eit årelangt venskap i botnen.


Igjen skal desse to folkekjære, men veldig ulike artistane vise oss kvifor songane deira passar så godt saman, og kvifor både songane og songarane er elska av ein heil nasjon. Dei skal vise oss korleis ein, med berre to stemmer og to gitarar, kan fylle eit konsertlokale med intens nærvær, trøkk, rungande latter og mjuke, magiske augeblikk. Duo-formatet er nake og krevande, men Jan Eggum og Halvdan Sivertsen oppnår på denne måten å bli ekstra nær både songane og publikum. Eggum & Sivertsen stortrivst i kvarandre sitt selskap, og no skal det norske folk igjen få sjansen til å trivast saman med dei.


- Sånne er gode å ha.
- Hver gang vi møtes er det på´an igjen.

- Velkomne!

 

Billettsalet startar 1. november kl 10.00

 

Konserten varer i om lag 1,5 time, ikkje pause. 

Billettpris 495 kr inkl avg 

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.