Julekonsert med Didrik Solli-Tangen

"Det skal bli jul" med Didrik Solli-Tangen - UTSELD

Fredag 4. desember kl 21.30

Arrangementet er flytta frå Sagastad. Dei som hadde billett til konserten der, har fått eigen informasjon og nye billettar. Nokre få ekstra billettar vart lagde ut for ope sal. 

 

Konserten er utseld. Vil du stå på venteliste? Send namn, telefonnummer og ønska antal billettar til post@operahuset.no.   

 

Didrik Solli-Tangen slepper i år sitt aller første julealbum. Han samarbeider tett med Aleksander Raftevold og Sebastian Berg frå Eid. Dei har produsert plata hans og er også med som musikarar på julekonserten, saman med Runar Netland frå Stryn.

 

Tenoren likar seg godt på Nordfjordeid. Han har stått på operascena saman med mellom andre Ole Edvard Antonsen, Alexander Rybak, Elisabeth Andreassen og bror Emil, og mange opplevde han i si tid på operapub ilag med læremeisteren Anders Vangen. 

 

Etter mange år med stor suksess i mellom anna Melodi Grand Prix og Stjernekamp, er Didrik Solli-Tangen klar med eit stemningsfullt julealbum med kjende klassikarar, ukjende perler og eit knippe eigenkomponerte låtar. Folkekjære tonar frå Alf Prøysen og låtar frå Kari Bremnes og Jan Eggum i ny drakt er blant innhaldet.

 

Det blir sårt, nært - og sjølvsagt får ein høyre Didrik i all si prakt. Velkomen til ein gripande og vakker julekonsert!

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand /tilsvarande nære kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

  

Konserten varer i om lag ein time, det er ikkje pause. 

 

Billettpris 400 kr inkl avg. 

 

Rullestol? Følgjekort? Spørsmål? Kontakt post@operahuset.no