Bursdagskonsert 25. april
Bursdagskonsert 25. april

Bursdagskonsert

Torsdag 25. april kl 18.30

Med over 100 ungdommar på scena, feirar Kulturskulen i Eid og Eid ungdomsskule tiårsjubileet til Operahuset Nordfjord! Det skjer på dagen ti år etter den offisielle opninga av operahuset. Kulturministeren opna storstova 25. april 2009.

 

Høgdepunkt frå dei tre skulemusikalane kulturskulen og ungdomsskulen har sett opp i operahuset står på konsertprogrammet: «Livet er eit spørsmålsteikn» i februar 2011, «Audition – ein musikal» i desember 2013 og «Musikalen 2025» i februar 2017.

 

Dei 90 elevane i valfaget Sal og scene ved Eid ungdomsskule, samt elevar ved Kulturskulen i Eid inviterer til halvannan time variert konsert. Musikken skal framførast av orkester med strykarar, blåsarar og komp, totalt 30 personar. Det blir stort kor med alle elevane, solistar, duettar og grupper.

 

Å vise fram så mange eidaungdommar som likar å stå på ei scene, er ei super jubileumsmarkering. Konserten er eit samarbeid mellom kulturskulen, ungdomsskulen og operahuset. Nettopp samarbeid er nøkkelen til kultur- og skulesuksessen i Eid.

 

Alle ungdomsskuleelevar står på scena i Operahuset Nordfjord to gonger i løpet av dei tre skuleåra; på juleavslutninga i 9. trinn og på skuleavslutninga i 10. trinn. Kulturskulen i Eid har mange konsertar og framsyningar i storstova. Og kvart tredje år set dei saman opp stor, sjølvskriven musikal med sjølvarrangerte låtar.

 

Vi ønskjer alle velkomne til ein strålande kveld i operasalen, med gjenhøyr med nokre av dei aller gildaste songane frå dei tre musikalane. På konsertprogrammet står mellom anna låtane Hjernen er aleine, On my own, Bad Karma, I Dovregubbens hall, Fix you og Styggen på ryggen. 

 

Konserten varer i om lag 1 t 40 min (ikkje pause).

 

Billettprisar:
Ordinær 100 kr
Barn 50 kr
Ungdom/student 50 kr

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.no, Eid bibliotek tlf 918 58 980 eller i billettskranken på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 25 apr 18:30 Bursdagskonsert 100/50 Kjøp