Bukkene Bruse lager rumpebrann
Bukkene Bruse lager rumpebrann

Bukkene Bruse lager rumpebrann

Torsdag 29. august kl 18.00

Bukkene Bruse lurer på kva dei skal gjere i ferien. Dei to minste vil helst til utlandet, men den største synest det blir altfor dyrt. Han vil heller på setra som dei brukte å gjere før. "Æsj," seier dei to minste. "Det treige fjellet." Den største bukken lokkar med trollet og vafler på setra, og til slutt dreg dei av garde. Men kvar er det blitt av trollet?

 

Ein av dei største suksessane til Riksteatret dei seinaste åra, er Bukkene Bruse på Badeland – basert på Bjørn F. Rørvik og Gro Moursund si enormt populære barnebok. No kjem oppfølgjaren, basert på andre bok i serien, Bukkene Bruse vender tilbake.

 

Tripp, trapp! Tripp, trapp! Dette blir ei framsyning som alle kan sjå. Og alle – kanskje bortsett frå trollet – har god grunn til å glede seg!

 

Urpremiere i Nydalen, Oslo 28. februar 2019.


På scena: Janne Starup Bønes, Madeleine Barosen Herholdt, Jørn Morstad, Håkon Thorstensen Nielsen, Marte Stolp og Erlend Rødal Vikhagen.

Team: Regissør: Ivar Emil Tindberg. Scenograf: Gjermund Andresen. Kostymedesigner, Dukkedesigner: Ingrid Nylander. Lyddesigner, komponist: Peter Baden. Lysdesigner: Martin Myrvold. Produsent: Rebecca Mathisen

 

Framsyninga passar for barn frå tre år, og varer i om lag 45 min, ikkje pause. 

 

Billettprisar:

Ordinær 245 kr (barn, vaksen, pensjonist, student)

Familiepris (grupperabatt for 4 eller fleire) 200 kr

Samarbeidspartnarar 200 kr. Må oppgje kode frå Bokklubben, Utdanningsforbundet, ARK, Teatervenner Norge, DNB-tilsette. Maks 4 bill. 

Coop-medlem 195 kr. Må oppgje kode frå Coop. Maks 4 bill. 

BOB-medlemmer 200 kr. Maks 4 bill.

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@operahuset.noEid bibliotek tlf 918 58 980 eller "billettluka" på kino eller kulturarrangement.

Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 29 aug 18:00 Bukkene Bruse lager rumpebrann 245 Kjøp